FOTO: Knut S. Vindfallet
Når du aldri før har vore på teater, kan det vera like greitt å starta med ein klassikar: Hamlet av William Shakespeare. I ungdommelig form.
AV: jan zahl
– Masse drap, seier Jon Magne Fisketjønn.
– Ganske forvirrande, seier ein annan.
– Det er ein konge og noko, seier ein tredje.
10. klasse ved Vinjar skule i Suldalsosen har funne vegen til foajeen i Teaterhallen i Stavanger. Det er 20 minuttar sidan hurtigbåten klappa til kai. Og under fem minuttar til brorparten av dei skal få si første teateroppleving.
– Det fins ikkje noko teater i Suldal. Det kjem av og til teater på besøk, men det har liksom aldri vore aktuelt å gå, seier Jon Magne.
Men no skal dei altså gå. Vigdis Gullberg er lærar og initiativtakar.
– Sidan dei bur der dei bur, har mange av desse elevane aldri vore på teater. Drama som sjanger er ein del av norskpensum, og då syns eg det passar godt å dra til Stavanger, sjå eit teaterstykke og få ei omvising på Rogaland Teater, seier Gullberg.
Det er rett nok Ibsen, «Peer Gynt» og «Et Dukkehjem» som står på dramapensum, og ikkje Shakespeare.
Men skitt au. Klassen har i alle fall gjort leksa si og førebudd seg på stykket dei skal sjå.
Når dei kjem tilbake til Suldal, skal elevane skriva si første teatermelding.
– Det var ein som var redd det ville bli kjedelig fordi me har gått gjennom det som skal skje i stykket, seier Gullberg.
Me går opp trappene til sjølve Teaterhallen, det blir mørkt, Metallica dundrar plutselig over høgtalarane. Og så er det i gang.
Pause
– Terningkast seks, seier Elise Nedrejord.
Lyset er slått på igjen, Hamlet, Horatio, Ophelia, Claudius og resten av persongalleriet i Shakespeares klassiske tragedie har vore høgt og lågt på scena i éi akt, og blant jentene frå Suldal på tredje siste rad er stemninga god då dei går til pause.
– Eg hadde ikkje trudd at det skulle vera slik. At det skulle vera så moderne og at alle rollene blei spela av ungdommar, seier Brita Hjorteland.
Ho har sett Shakespeare før. På film. «Romeo og Julie» med Leonardo DiCaprio. Ein klassikar på ungt og moderne vis, det også.
– Det er stilig med den moderne musikken. At «Tore Tang» er med, seier Hilde Fisketjønn, tvillingsøster til Jon Magne, på veg ned mot foajeen.
Andre akt
– Eg kjenner dei ikkje heilt igjen. Dei er plutselig så blyge, seier lærar Vigdis.
Stykket er over, så godt som heile persongalleriet i «Hamlet» har døydd omstendelig av forgifta kårdar og vin, tragedien er total. Men no har alle dei unge skode- spelarane i Ungdomsteatret livna til og kome ut i salen for å snakka med teaterdebutantane om det dei akkurat har sett. Men det er altså stille frå Suldal. Regissør Lone Ungar og lærar Vigdis må ta seg av mesteparten av snakkinga før dei unge tiner opp.
Dei snakkar om lyd- og lyseffektane, om at det er to Hamletar på scena, om korleis ensemblet har jobba fram karakterane sine, om korleis dei måtte læra seg å gløyma Mel Gibsons versjon på film.
Så begynner skodespelarane å stilla spørsmål andre vegen. Kongen av Danmark lurer på kva skule dei kjem frå, Ophelia lurer på om det var flaut eller rart då ho blei galen, ein av Hamlet-ane seier han liker stykket fordi det tar opp så mange tema, ikkje bare eitt.
Så må skodespelarane gå for å gjera seg klar til 20-forestillinga, mens 10. klasse frå Vinjar samlar seg til omvising.
Men først må me få vita kva terningkast «Hamlet» kjem til å få når dei kjem tilbake til Suldal: - Fem til seks, seier Elise.
– Femmar, er Camilla Nærheims dom - ho har vore litt skvetten gjennom heile forestillinga, syntest det var litt skummelt med gjenferdet.
– Terningkast seks, seier Brita.
Kommentarer