• FOTO: Kristian Jacobsen

Akademisk stemmehav i Stavanger

Vanligvis pleier det å vera eit dårlig teikn når det er fleire menneske på scena enn i salen. Men når talet på utøvarar nærmar seg 900, er det ikkje så ille.

Rollene var bytta om i Stavanger idrettshall lørdag ettermiddag. Ute på banen: 600 stolar til publikum. Oppe på publikumstribunen: 810 festkledde, akademiske korsongarar frå Sverige, Danmark, Finland, Estland og Norge. Midt i mellom: Sandnes Orkesterforening og musikarar frå Universitetet i Stavanger. Og Viva Sandnes kulturskolekor.

Alle hadde dei kome for å vera med på klimakset i det sjuande Nordiske studentsangstevnet (NSSS): Framføringa av Carl Orffs storslåtte middelalderverk «Carmina Burana».

– Eh. Klimakset kjem vel strengt tatt seinare i kveld, etter gallamiddagen i Forum. For då begynner festen i Tjodhallen. Det blir nok ein del sang der også, seier Sigmund Trageton, programansvarlig i arrangementskomiteen.

Like før

Ein halvtime før konsertstart klokka 17 kryr det av sjakettkledde, syngande menn utanfor Stavanger idrettshall. Fem unge damer i fotsid gallakjole og bare skuldrer poserer kokett framfor ein buss som har kjørt både langt og lenge.

– Me har reist 16 timar i buss for å koma hit. Men det var det verdt, seier Karin Tuvgren, som er på si tredje NSSS-samling. Ho og venninnene syng i Den akademiska damkören Linnea og har reist frå Linköping i Sverige.

Tre minuttar før konsertstart jobbar Sandra Nyberg intenst med frisyren til Astrid Gustafsson i gangen under tribunen. Dei kjem frå Åbo i Finland og syng i Florakören.

– Det var så varmt i garderoben, så fullt av folk, så me tar det her, seier Astrid.

– De begynner å få dårlig med tid.

– Ja, så no må me gå, seier Sandra - og hastar avgarde.

Brorskap og song

Meininga med NSSS er å samla akademiske korsongarar frå Norden og Baltikum for å bygga brorskap over landegrensene. Stemnet blei første gong arrangert i Linköping i Sverige i 1987, og blir arrangert kvart tredje år. Sist gong dei akademiske koristane samla seg i Norge, var for 15 år sidan, i Trondheim.

Men nær 1000 tilreisande korsongarar frå heile Norden og Baltikum var ikkje nok til å få støtte frå Stavanger 2008, verken økonomisk eller som del av det offisielle kulturhovudstadsprogrammet.

NSSS var ein sjølvsagt del av det offisielle programmet då København var europeisk kulturby i 1996 - med dronning Margrethe som æresgjest på konserten. Men i Stavanger fekk me beskjed om at me ikkje hadde noko å tilføra 2008. Me gjennomfører likevel, seier Benjamin Dahl, leiar i arrangementskomiteen.

– Stavanger 2008 har brukt over eit år på å svara på søknaden vår. Då me til slutt fekk nei, var marknaden støvsugt for sponsorar. 2008 har gjort arbeidet sjukt tungt for oss. Dei har kosta oss uendelig mykje arbeid og frustrasjon, seier Dahl.

Han hadde håpa på like mange i publikum som på scena, og er redd arrangementet kjem til å gå i minus. – Eg har ikkje fått sett på tala, men det kom nok 100 færre publikumarar enn me trengte for å gå i null. Så får me sjå kva me kan få gjort med det, seier Dahl dagen derpå.

Men det blei ein bra fest.

jan.zahl@ aftenbladet.no

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Kapittel halverer studentprisene

Litteraturfestivalen sponser til og med hjemreisen for studenter i andre byer.

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Relaterte bilder

FOTO: Kristian Jacobsen

FOTO: Kristian Jacobsen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest