Arild Rein:
Mitt liv som hund
Arild Rein ser Stavanger nedanfrå og kroppslig når han skriv, omtrent som perspektivet til ein hund. Lørdag gav forfattaren av «Kaninbyen» sitt første – og siste – offentlige intervju, på Kapittel 08.
– Det kjennest djupt ironisk å sitta her i dag. Då «Kaninbyen» kom ut i 2004, blei boka totalslakta av kulturredaktøren i den største avisa her i byen. Fire år seinare skal heile byen lesa nettopp denne boka, sa Arild Rein då han møtte venen og forfattaren Øyvind Rimbereid til samtale på Kapittel-festivalen lørdag.
Kult.Kafeen var full av folk. Mange er tydeligvis nysgjerrige på forfattaren som aldri stiller til avisintervju, og som knapt nokon veit korleis ser ut.
– Det er ikkje ein særlig god strategi å smella opp trynet ditt overalt når du bur i ein så liten by som Stavanger og ønskjer å kunna bevega deg nokolunde fritt rundt. Eg har ingen behov for å vera ein offentlig person, sa Rein, som har ei djup mistru til journalistar generelt – og eit heilt særeigent hat til Aftenbladet. Det siste skal me koma tilbake til.
LES OGSÅ: Aftenbladets anmeldelse av «Kaninbyen»
Hundedagar
Rein debuterte med romanen «Hundedagane» i 1998, første bind i det som skulle bli «Stavangertrilogien», der «Kaninbyen» altså er siste bind. I midten: «Grisekoret» frå 2001.
Trilogien framstiller eit Stavanger som liknar lite på glansbiletet av rik og sofistikert oljeby. I staden handlar Reins bøker om byens underside, om småkriminelle og skakke eksistensar i skuggen av all rikdomen og den flotte fasaden.
– Eg står i ein kynisk tradisjon som går 2500 år tilbake i tid. Eg ser ting frå eit lågt, kroppslig perspektiv, er frekk og utfordrande. Det er eit slags hundeperspektiv, sa Rein.
Ragnar Hovland skal ha utropt Arild Rein til norgesmeister i banning, og mange har hengt seg opp i at personane i Reins bøker fører eit språk som ikkje ville passert, ja, la oss seia i snerpete Aftenbladet. Banninga var då også eit av ankepunkta då dåverande kulturredaktør Sven Egil Omdal slakta «Kaninbyen».
– Ingen meldarar har diskutert kvifor folka i romanane mine bannar. Men det skuldast altså at dei er i pressa situasjonar eller at dei er på veg ned. Då endrar folk sitt vokabular seg. Dette er situasjonsbestemt banning, sa Rein – som meiner at bøkene hans ikkje ville blitt mindre provoserande om banneorda var tekne ut.
Nynorsk
Fødd og oppvaksen i Stavanger som han er, er det kanskje litt uventa at Rein skriv nynorsk.
– Eg prøvde først på bokmål, men lyden blei heilt feil. Så prøvde eg på dialekt, men hørte bare Stavanger-revy i hovudet. Så kom eg på at det jo eksisterer eit tredje språk, eit språk eg ikkje hadde brukt sidan gymnaset og som eg nesten måtte læra på nytt, fortalde Rein, som på ingen måte er nokon purist eller fanatisk nynorskmann av den grunn:
– Neste bok kan like gjerne bli på bokmål som nynorsk.
Rein er som kritikar av Stavanger av fleire utropt den nye Kielland.
– Gir du realistiske skildringar av Stavanger, spurde Rimbereid på Kult.Kafeen.
– I ein viss forstand, men ikkje fotografisk realistisk. Skal du inn i dei djupe strukturane i Stavanger, nyttar det ikkje med fotoapparat. Eg går inn i det underbevisste og framstiller den ubevisste realismen, det som kjem fram når folk ikkje tenkjer seg om før dei snakkar, ikkje skammar seg over å ha ein kropp eller over å vera ein biologisk skapning, svarte Rein.
Oppvekst
Rein vaks opp i Stavangers største drabantby, i Bekkefaret, dit masse ulike folk flytta.
– Det var ei bisarr samling folk som budde der: Arbeidsfolk, innvandrarar, fyllikar, fengselsfuglar, damer som dreiv søndagsskule. Mange av dei eg vaks opp med gjekk det ikkje så bra med, fortalde Rein.
Då han var 15, flytta familien Rein til pene Egenes, ei kort reise i meter, men ei svært lang kulturell reise frå austkant til vestkant i Stavanger.
Unge Rein var ein svært talentfull fotballspelar på 1980-talet, og spelte a-lagskampar både for Viking og Bryne. Men då han var 23, fekk han beskjed av legen om at beina hans var som på ein 70-åring. Det var eit tungt slag.
– Etter tusenvis av treningstimar, forsvann alt. Då var det bare mørke igjen, sa Rein.
Filosofi
Dermed flytta han til Bergen og til universitetsstudier i filosofi, med hovudoppgåve om Marquis de Sade. Tilbake i Stavanger begynte han å jobba i flyttebyrå – og såg i løpet av sine fem år der innsida av tusenvis av stavangerske heimar, frå nedslitne junkieleiligheiter til oljepalass.
– Eg har alltid kombinert hardt, fysisk arbeid med intellektuelt arbeid. Sjølv om det ikkje var nokon bevisst strategi, var jo flyttejobben eit djupdykk inn i det inste av Stavanger, sa Rein, som dermed kjenner både det høge og det låge, austkant og vestkant, akademia og kroppsarbeid frå innsida. Og her ligg også noko av kjerna i Reins univers, i optikken han nyttar når han skal sjå på verda:
– Eg har vore oppteken av spenninga mellom høgt og lågt. Det i midten interesserer meg ikke så mykje.
Nei takk
Rein gir altså ikkje intervju, og deltar ikkje i det offentlige ordskiftet anna enn gjennom bøkene sine.
– Eg bruker opp alle intensjonane mine når eg skriv. Etterpå har eg ikkje meir å seia. Boka ligg der som ein død kropp. Det er opp til lesaren å blåsa liv i henne, sa Rein, som fekk meir enn nok av presse og journalistar som fotballspelar. Hans første møte med Aftenbladet som forfattar skulle ikkje akkurat minka skepsisen. Debutboka handlar om ein gjeng som skal rana klubbhuset på Viking, og ein dag ringte nokon frå Aftenbladet og ville ha debutanten på plass på Viking stadion om tre timar – aller helst i Viking-drakt.
– Hei! Eg er ikkje nokon hund, svarte Rein, og la på.
Sidan skulle det dårlige forholdet bli mykje verre. Rein har fått negative kritikkar for alle tre bøkene i Stavangertrilogien i Aftenbladet. «Høgdepunktet» kom med Sven Egil Omdals griseslakt av «Kaninbyen» 7. september 2004. Same dag sto det einaste intervjuet Rein har gitt med Aftenbladet på trykk, der han forklarte om kvifor han skreiv som han gjorde. Fire år etterpå har han framleis ikkje gløymt.
– Eg er ikkje så masochistisk innstilt at eg vender det andre kinnet til, og ser ingen grunn til å gi intervju til Aftenbladet. Meiner Omdal dette er noko av det sjukaste som har kome frå Stavanger, meiner eg det er noko av det sunnaste, sa Rein på lørdag.
– Det kjem an på kva optikk du ser verda gjennom. Er du borgarlig innstilt er nok bøkene mine støtande. Eg skriv frekt og utfordrar den rådande moralen, heldt han fram.
Mørke?
Rimbereid lurte på om Rein verkelig ser så svart på tilværet som ein kan få inntrykk av gjennom bøkene.
– Eg opplever bøkene mine som livsbejaande. Sjølv om det går dårlig med karakterane mine, har dei sterk overlevingstrong og –evne. Og så er det masse humor der. Humor er overlevingsdrift, svarte Rein.
– Kva betyr kjærleik for deg? spurde Rimbereid.
Her må lesaren prøva å forestilla seg ei smekkfullt lokale, ein intervjuar og ein forfattar som har snakka lenge og greit saman – og ein forfattar som plutselig blir heilt stille. Lenge. Det suser i lydanlegget. Nokon hostar. Nervøse stolbein skrapar mot golvet. Det er framleis stille.
– Eg trur ikkje eg kan svara på det sånn enkelt, seier Rein. Så:
– Men det er klart: Det er kjærleik i mitt liv. Og det betyr mykje.
Diskuter denne saken
Arild Rein, en pennens rock'n'roller
Arild Rein er noe så flott og i Norge eksklusivt, som en kontroversiell forfatter, elsket og hatet som han er av kritikere og andre. Aldeles strålende at noen både skriver bra og rystende, og utfordrer våre forestillinger om hverandre, oss selv og byen vår. Selvransakelse er en smertefull men nyttig aktivitet. Det at en forfatter fokuserer på det negative, gir oss et mer balansert bilde enn om vi lar oss drukne i solskinnsfortellinger fra overflaten. Vi trenger ikke å tro på alt som blir sagt, verken fra Rein eller Regjeringen, men vi gjør klokt i å lytte, grave og stille nye spørsmål. Glede uten refleksjon er sløv, men glede når man vet at man er heldig, er et erkjennelseskick. Du er gladere når du vet at du har grunn til å være glad, stoltere når du føler deg bedre enn dyremenneskene Rein skildrer. Derfor skal vi prise oss lykkelige over at Arild Rein finnes, og at han er så glad i å skrive. Han er dykkerklokka vår når vi vil ned i mørket på havbunnen i vårt sinn, og bak kulissene i samfunnet vi er oppdratt til å lovprise. Penger er rus. Han er den som tør å si til alkoholikeren at han drikker mye. At alkoholikeren da kan bli sint, er ikke noe nytt. Derfor må vi bare erkjenne at noen ikke liker det de leser, og sier det er for negativt. OK, så gi dem en iskrem.
Svar på innlegg · Nytt innleggSkriv din kommentar
Aftenbladet.no
Sjøhuset Nilsen & Wold klaget på skjenkeavslaget til den planlagte Hooters-restauranten. Men politikerne lar seg ikke rokke.
Lokalt:
Les mer
over Atlanteren
Det islandske flyselskapet Icelandair forlenger sesongen med flyginger fra Sola til Island, USA og Canada med to ekstra uker i høst.
Lokalt:
Les mer
svaner på Jæren
Statens naturoppsyn har begynt med ekstra mathjelp i form av gammelt brød for å redde utsultede sangsvaner på Jæren.
Innenriks:
Les mer
På taket av en tomannsbolig i Overlege Cappelens gate i Stavanger arbeidet to murere uten noen form for sikring i dag.
Jobb og utdanning:
Får kritikk av Arbeidstilsynet
7
ARILD REIN
Født 1960
Forfattar, fødd og busett i Stavanger.
Dei tre bøkene «Hundedagane», «Grisekoret» og «Kaninbyen» utgjer til saman Stavangertrilogien.
«Kaninbyen» er stemt fram til å vera boka heile Stavanger skal lesa, som ein del av Stavanger 2008-prosjektet Gjestfrihetens kunster. Boka er trykka opp i eit gratisopplag på 15.000 eksemplar.
- <ecearrayelement/><ecearrayelement/><ecearrayelement/>
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
12.03. 10:00
Nordsjødykkerne
Norsk Oljemuseum
12.03. 12:00
Bokprat:
Sølvberget, Stavanger Kulturhus
12.03. 20:00
Lurarevyen - Klar-ferdig-Nå!
Lura bydelshus
De fem siste artiklene fra Rogalyd:
-
Bør mor hugge mer ved, bør samferdselsministeren forby busseter som står mot kjøreretningen eller var verden bedre da Bush bodde i Texas? Ingen mening for stor, ingen mening for liten for Aftenbladets fredagsmagasin Pluss.
Siste Kultur
-
Kinoen må vente
på Barnemuseet
Formannskapet bestemte torsdag at kinoen må vente med sine byggeplaner på Sølvberget, der det kan komme tre nye kinosaler.
-
Politikerne: - Tou
må bli billigere
Formannskapet mener planene for Nye Tou blir for dyre. Det er beregnet at 304 millioner kroner må til for å ruste opp til sammen 12.500 kvadratmeter kulturfabrikk.
-
Siv har fått 700 mail siden premieren
- Det er veldig mange gutter og menn som skriver, sier Siv Toverød (19).
-
Grammy-vinner i Stavanger
Grammy Award-vinner Donnie McClurkin og flere andre kjente amerikanske gospelsangere skal denne helgen både undervise og holde konsert. «This is Gospel 2010» arrangeres i Stavanger for første gang.
-
Bond-babe og Obama-kokk til Skavlan
Kokken takket nei til jobb hos Obama. Nå forteller han hvorfor. Dessuten blir det tenorsang og eventyr.
Sistesaker
- 23:56 Folken får skjenkestopp
- 23:51 Nok et nei til Hooters
- 23:13 Forlenger sesongen over Atlanteren
- 23:04 Statoil har beste nettsted
- 22:53 Tilbyr verdens trolig eldste maltwhisky
- 22:50 Fredsprisvinner Obama gir bort Nobelpenger
- 22:44 - Dette er ikke populisme
- 22:38 Belgisk lærer får bruke muslimsk slør
- 22:20 16-åring dømt etter dødsulykke
- 22:15 Militær straffesak mot israelske sersjanter
- 22:15 Sultestreikende cubaner sendt til sykehus
- 22:15 Livsfarlige vogntog på Svinesund
- 22:14 Muslimer under 50 sperres ute fra al-Aqsa
- 21:34 Vil ha superbredbånd med ny avgift
- 21:29 Braanen i Klassekampen ble årets redaktør
- 21:26 Nytt amerikansk kampfly stadig dyrere
- 21:24 Fulham tapte mot Juve
- 21:05 Drosjesjåfør dømt for falskt førerkort
- 20:51 USA tror ikke palestinerne bryter forhandlinger
- 20:42 Vil ikke sette tidsfrist for helsereformer i USA


















Konserten: Ottestad




