Monumentalt
Verdis store Requiem er ei ressurskrevjande utfordring sjølv for eit fullt utbygd profesjonelt orkester
Det var derfor litt av eit oppdrag Sandnes Orkesterforening med sin
dynamiske dirigent Dag Nilssen tok på seg då dei bestemte seg for å framføre
dette monumentale verket. Dei allierte seg med nokre av dei fremste kora i
distriktet, hundrede songarar i alt, dei utvida orkesteret med både blåsarar
og strykarar, og dei hyra fire dyktige solistar. Resultatet står det stor
respekt av. Her har profesjonelle og dyktige amatørar jobba godt og intenst
saman, og presterer ein konsert som både imponerer og tar tak.
Musikken er storslått og gripande, noko av det finaste Verdi har laga. Det
er ei dødsmesse til minne om ein av hans nære vener, og musikken er
dramatisk som ein opera. Det er eit krevjande verk, både for orkester og
ikkje minst dei fire solistane som har utfordrande, og til tider farleg
«nakne» parti det både intonasjon og balanse blir sett på store prøver.
Ingjerd Oda Mantor, sopran, Ingebjørg Kosmo, mezzo, Henrik Engelsviken,
tenor og Ketil Haugaas, bass har alle stemmeprakt til å bere gjennom den
massive klangen av orkester og kor, og dei formidla teksten med stor
innleving og overtyding. Ei ekstra stjerne til Ingebjørg Kosmo for aldri
sviktande intonasjon og sikker formidling av den største solistrolla.
Det samansette koret har ei viktig funksjon som dei gjennomførte med stor
sikkerhet og fin bereevne, sjølv om det til tider vart litt overdøyvd av
orkesteret i Kulturhuset. Dag Nilssen har stor sans for dei mange dramatiske
poeng som denne «operaen» er så full av, og desse kom fint til sin rett. Den
største innvendinga mot framføringa er at enkelte tempo etter min smak vart
for høge, spesielt i nokre av dei rolege satsane. Dei mange talande pausane
kunne vore utnytta ennå meir, og nokre av dei eventyrlege lange frasene vart
litt for hektiske og mangla litt av den tyngden som dei ville fått om dei
hadde fått ennå betre tid. Denne kritikken er skriven på bakgrunn av
konserten i Sandnes Kulturhus. Kanskje vart det valt andre tempo i den
rikare akustikken i Domkyrkja på søndag. Dette er eit verk som bør
framførast med rik etterklang. Truleg gav domkyrkjeakustikken heile verket
endå meir tyngde og intensitet enn det vi fekk ved den elles flotte
framføringa i Sandnes Kulturhus.
Heilhetsinntrykket er
likevel at denne konserten vart ei stor oppleving. Eit strålande, men
krevjande musikkverk som vart framført på ein måte som var både gripande og
imponerande.
Skriv din kommentar
G16-laget spiller finale lørdag ettermiddag
Sport:
7 av 9 Vidar-lag til A-sluttspill
En beruset båtfører skadet fire-fem andre båter i Vågen før han ble pågrepet av politiet.
Stavanger:
Midt i Gladmat-festivalen
95 prosent av teinene Kystvakten og politiet sjekket i sjøen på Hjelmeland og ved Foldøy, var ulovlige.
Ryfylke:
- Skuffende, sier lensmann
Sara Wathne (17) og Sindre Sirevåg (18) valgte sommerferie på sjøen. Søndag er de Rogalands lokale håp i den internasjonale regattaen Tall Ships Race.
Lokalt:
I Kristiansand
Tre personer kom fra ulykken i Noredalen uten fysiske skader, ei jente er sendt til SUS for kontroll.
Sandnes:
Politiet beslagla førerkort
NuMusic 2009
Siste Konsertanmeldelser
Sistesaker
- 23:45 Vidar til finalen i Dana Cup
- 21:56 Gladmaten snur i innsamlingssak
- 20:43 Beslagla 32 ulovlige teiner og ruser
- 19:39 Fire involvert i trafikkulykke
- 19:14 Lokale sjøspeidere møtte kronprinsparet
- 18:56 Frelsesarmeen reiser hjem
- 18:46 Norske styrker angrepet to ganger på samme dag
- 16:51 Smertemessa
- 15:58 Kan bli gratis buss i sentrum
- 15:28 Sokolowski tvilsom mot Sandefjord
- 15:04 Vil du ta imot Tax?
- 14:54 Spar titusener i året på energi
- 13:52 Juli ny krisemåned for USA i Afghanistan
- 13:47 Justisdepartementet vil ha riktigere politistatistikk
- 13:28 Småirritert og småsint Kufaas utslått
- 13:25 Angelsen hoppet dårlig
- 13:25 Fransk kvinne lettet etter drapsavsløringene
- 13:18 - Denne bør koste 100 kroner
- 13:13 Solberg på 2.-plass i Finland
- 13:11 Rakettangrep mot Israel
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira






2


































Tema: NuMusic
Faust – ren tysk magi
Den uimotståelige beaten
Island-kult til slutt
