Historiesus ved Hafrsfjord

Opera:

Det er verkeleg ei storsatsing Stiftelsen Hafrsfjordspillene har sett i scene i Møllebukta ved Hafrsfjord i disse dagar.

«Rygekongen»

I tillegg til den store operaforestillinga er det historiske opptrinn, vikinglandsby og eit stort apparat, både teknisk og økonomisk rundt det heile.

Operaen Rygerkongen står i sentrum, og det er ikkje småtteri som er sett i sving for å få den gjennomført.

Det er bygd eit svært amfi for publikum, orkester på 35 mann er henta frå Ungarn, eit svært kor og statistar er i aktivitet, hestar og vikingskip er leigde inn, nokre av våre finaste songarar er henta til dei viktigaste rollene.

Hovedrollene har Espen Fegran som Erling Skjalgsson og Siri Olstad som Astrid, Olav Trygvassons syster som vart gift med Erling. Desse to viser seg som både framifrå songarar og også overbevisande skodespelarar. Andre viktige roller er ikkje like takknemlege, og der er det mindre å spele på. Men dei gjer alle ein solid innsats. Mange andre i mindre roller gjer også fine figurar, nokre av dei heilt ned i småbarnsalder. Arnulf Haga har skapt ein flott regi der dei mange medverkande fekk sin naturlege plass og den storslegne naturen i Møllebukta vart flott utnytta, og Cynthia Kai har koreografert det heile.

Orkesteret er Pannon Filharmonikusok som er henta frå Pécs i Ungarn, eit orkester som har ei lang rekke med plateinnspelingar bak seg, og som har turnert i heile Europa, Amerika og Asia – verkeleg eit topp orkester. Og det klang fint, bortsett frå at mikrofonplasseringane gjorde at balansen kunne bli litt underleg til tider.

Randi Wedivch har laga librettoen saman med Anne Margrethe Olsson, og John Gunnar Akerø har laga musikken. Dei har skapt eit verk det står respekt av. Musikken er melodiøs og uproblematisk og til tider ganske effektfull, gjentakingar skapar samanheng, men utan at det blir for mykje av det gode. Det som manglar er det dramaturgiske grepet som gjer at personane får karakter og handlinga får spenning og framdrift. Det har å gjere med «timing», det å kunne byggje opp til eit klimaks og engasjere publikum i den dramatiske historia. Dette blir spesielt tydeleg i 2. akt der det er lange talte parti, og der det gjerne kunne ha vore musikk til å skape overgang mellom scenene og til å karakterisere situasjonar og personar.

Det er eit imponerande prosjekt som er sett i sving.

Les også

Rygekongen:

Av: John G. Akerø (musikk), Randi Wedvick! og Anne Margrethe Olsson (libretto).

Regi: Arnulf Haga.

Med: Espen Fegran (Erling Skjalgsson), Kjell Magnus Sandve (Sigval Skald), Ivar Gilhuus (Olav Tryggvason), Siri Olstad (Astrid Tryggvasdatter), Thomas Ruud (Ola Haraldsson), Pannon Filharmonikusok og Stavanger Operakor.

Vurdert på bakgrunn av torsdagens generalprøve.
Framføres også fredag, !lørdag og søndag.

Relaterte bilder

FOTO: Anders Minge

  • «Statsterror»

    I den fremragende historiske fortellingen «Beleiringen» (2001) skildrer Helen Dunmore (f. 1952) hvordan det unge kjæresteparet Anna og Andrej forsøker å bevare sin menneskelighet og verdighet under tyskernes 900 dager lange og særdeles brutale beleiring av Leningrad i 1941-44, som kostet rundt 1,1 millioner mennesker livet.

  • «Plikt, drøm, drift»

  • «Alltid like intens»

  • «Onde Cumbie er Star Trek-stjerna»

    1 2 3 4 5 6

    Ja, det er sånn at det smeller friskt i denne filmen også, så her kunne ha stått noe om kjernefysisk bølgende stolrader i de nye staskinoene. Men det skriver jeg hver gang. Så tenk heller på hvor stilig skurken er, at Simon Pegg framstår som behagelig Scotty, at Alice Eve er i et slags Eventyrland og at Zoe Saldana er et bidrag til bevegelsen Steinharde Kvinner Vi Er Stolte Av (også når de gråter). Og superskurken Cumberlatch! The man!

  • «American Pudding-kliss»

    1 2 3 4 5 6

    Forferdelig amerikansk komedie om verdens rareste familie som kommer sammen til verdens rareste bryllup og gjør verdens rareste ting mens de fniser som en krinolinehekler i en asbest-fyrt, jeg mener absint-fyrt bohem-orgie.

  • «Jeanne Moreau i sin 141. film»

    1 2 3 4 5 6

    Estisk-fransk drama om en middelaldrende estisk dame som drar til Paris for å jobbe for en eldre kvinne - også hun er estisk. Imponerende rolle av Jeanne Moreau.

  • «Søt plastpolitibil i nordlandsnatur»

    1 2 3 4 5 6

    Nordnorsk natur i sol og skjønnhet, søt ørnunge, vittig Mette-Marit og en tøff Pelle Politibil skal finne de stakkars stjålne dyra. Ålreit familiefilm.

  • «Die halv-hard i det hvite hus»

    1 2 3 4 5 6

    Patriotismen er klam, men underholdningsverdien OK når Gerard Butler tar en slags Die Hard fordi terrorister fra Nord-Korea angriper Det Hvite Hus.