• FOTO: Jon Ingemundsen

Jan Groth-utstillinga: Streken og teiknets mange dimensjonar

Som tilskodar får ein innblikk i den kunsten Jan Groth har vore inspirert av, og ein får observert verka hans i skiftande kontekstar.

««Traces and Spaces - Jan Groth's influences and contemporaries»»

«Traces and Spaces - Jan Groth's influences and contemporaries» er ei tung satsing for Rogaland Kunstmuseum, som har fått i stand utstillinga i nært samarbeid med fleire eksterne aktørar og ikkje minst Jan Groth sjølv, som på fleire måtar er sentral i det som no ligg føre; ei storstilt mønstring av internasjonale kunstverk som er sett i ulike relasjonar til framståande arbeid frå Groths kunstnarskap. Utstillinga, som opna på kunstnarens 70-årsdag 14. november, er dessutan eit Stavanger 2008-prosjekt. Av den grunn er ho ikkje berre viktig for Rogaland Kunstmuseum, men også for den visuelle kunstens posisjon i 2008-programmet.

«TRACES AND SPACES»
glir fint inn i 2008-visjonen, der det å kombinera lokale og internasjonale aktørar er klart utheva. Hovudtyngda er seinmodernistisk kunst frå 1950- og 60-talet, altså frå Groths tidlege periode som kunstnar, med forgreiningar til seinare tiår og Groths verksemd på 1990- og 2000-talet. Verka er organisert i små grupperingar, slik at Groth er sidestilt med dei andre kunstnarane som er representert. Dette kuratorgrepet byggjer oppunder det komparative aspektet ved «Traces and Staces»: som tilskodar får ein innblikk i den kunsten Jan Groth har vore inspirert av, og ein får observert verka hans i skiftande kontekstar. Den kontekstuelle vekslinga fungerer godt og får fram den store spennvidda i Groths produksjon.

DET MEST iaugefallande fokuset i «Traces and Spaces» er Groths essensielle kjennemerke, streken og teiknet. Tilskodaren vert introdusert for desse gjennomgansmotiva alt ved første blikk, som finn gobelinen «Teikn» frå 1983 like innføre Storsalens glasdører. Desse visuelle markørane kan fylgjast vidare, via medium han var med på å skaffa eit autonomt rom for i kunsten - veving og teikning - og sidan i tre dimensjonar, som skulpturar. I vev og teikning opptrer strekane i flimrande, dirrande rørsle, som gjer at ørsmå nyansar spelar seg ut i komposisjonane. Uttrykket er på den eine sida målretta og klart, og på den andre sida søkjande og nysgjerrig.

GROTHS karakteristiske strek er spanande i seg sjølv, men må absolutt sjåast i samband med den material- og teksturestetikken som «Traces and Spaces» er definert av. Mange av verka har formale idear i nær integrasjon med estetiske effektar som trer fram i overflatebehandling og materialval. Robert Morris tyr til filt og ståltråd i sitt «Felt Piece» frå 1976, Eva Hesse tek i bruk alt frå sagspon til gummi og ståltråd, medan ein finn noteark (Bourgeois) og millimeterpapir (Sol LeWitt) som bakgrunnsmaterial i andre verk. Hos Groth har vevens stofflege potensial stor tyding, like eins med papiret og oljekritets verknad i teikningane og bronsen i skulpturane. Verka kan tolkast som ei søking mot kunstens formale anliggande, men dei peikar også mot andre perspektiv.

EIT SLIKT utvida perspektiv er Groths vending mot språket, eksemplifisert av verk frå ein serie kalla «Alfabettegninger». Her kjem teikna hans til sin rett som aktørar i ein språkleg rytmikk. Verka visualiserer eit slags formalt rammeverk for kommunikasjon, utan at tilskodaren kan oppnå ei meiningsfull avkoding frå teikn til eit forståeleg språk. I dette kjem Groths fascinasjon for kalligrafi klart fram, og lenka til asiatiske teiknsystem vert forsterka av koplinga mot to verk av Isamo Noguchi, «Worksheet for sculpture 7536 & 7552».

PÅ STRATEGISKE stader i utstillinga ser ein også innslag som ikkje vert rekna inn under kunstomgrepet, men som ikkje dess mindre er med på å løfta «Traces and Spaces» inn i ein ny dimensjon. Det etnografiske materialet dreg opp parallellar til Groths kunst på ein måte som den kanoniserte kunsten ikkje makter, nettopp fordi dette materialet tilkjennegjev inspirasjonskjelder som ligg utføre det tradisjonelle, vestlege kunstapparatet. Det interessante ved dette er ikkje berre den slåande visuelle likskapen mellom dei etnografiske objekta og kunstverka. Inkluderinga av dette materialet, og måten det er plassert på, gjer at utstillinga lukkast i å synleggjera eit outsider-moment: Groth har bygt sitt kunstnarskap på medium som har vore underkjent på kunstfeltet. Dei etnografiske objekta står også utføre den etablerte kunstsfæren. Men som ein del av ei kunstsamling gjer det seg likevel gjeldande i det kunstsynet og den estetikken som «Traces and Spaces» representerer«.

DEI KONTEKSTUELLE forskyvingane og den språklege- og den etnografiske dimensjonen, gjer «Traces and Spaces» til ei utstilling av svært høg kvalitet. Utstillinga framstår som hovudledd i ei gjennomtenkt kultursatsing, der grundig forarbeid har tilført Rogaland Kunstmuseum meir enn ei enkeltståande utstilling, ettersom museets eiga samling er styrka gjennom Groths generøse bidrag. Dermed oppnår ein dei positive etterverknadene som Stavanger 2008 ideelt sett skal bana veg for. Så vil tida syna om museet har kapasitet til å vidareutvikla dette arbeidet og koma opp med tilsvarande suksessar i åra som kjem.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Rogaland Kunstmuseum: «Traces and Spaces - Jan Groth's influences and contemporaries»