Kyrkje-Rogaland sine eigne folkevalde har talt: Dei vil enten ha Ludvig Bjerkreim eller Kjetil Aano til biskop.
AV: reidun gudmestad
Dei 89 sokneråda har dermed gitt sitt råd til kyrkjeminister Trond Giske.
Resultatet, når alle førstestemmene er talde opp, vart knapp leiing til Sandnes-prost Ludvig Bjerkreim. Hakk i hæl kjem Kjetil Aano. Men generalsekretær Aano i Det Norske Misjonsselskap har fått fleire andre- og tredjestemmer enn Sandnes-prosten Ludvig Bjerkreim.
Godt val
For somme kan det vera overraskande at Erling Johan Pettersen har fått ti førstestemmer. Soknepresten i Nordstrand er den einaste av bispedømmerådet sine kandidatar som seier ja til prestar som lever i homofilt samliv. 32 sokneråd har valt han som første- andre- eller tredjeønske til biskop.
Moldeprosten Øystein Bjørdal og sunnhordlandprosten Svein Arne Theodorsen vart trygge tredjevalg for mange. Heile 43 sokneråd har valt ein av dei to på tredjeplass.
Dei fem kvinnene på den alternative kandidatlista har ikkje sanka mange røyster frå sokneråda. Helen Bjørnøy er den einaste som har fått ein førstestemme.
Slik ser stemmetala ut:
Ludvig Bjerkreim: 39 førstestemmer, 22 andrestemmer, 13 tredjestemmer.
Kjetil Aano: 36 førstestemmer, 31 andrestemmer, 18 tredjestemmer.
Erling J. Pettersen: 10 førstestemmer, 10 andrestemmer, 12 tredjestemmer.
Øystein Bjørdal: 2 førstestemmer, 13 andrestemmer 21 tredjestemmer.
Svein Arne Theodorsen: 1 førstestemme, 9 andrestemmer, 22 tredjestemmer.
Helen Bjørnøy: 1 førstestemme, 2 andrestemmer, 0 tredjestemmer.
Ann Helen Fjeldstad Jusnes: 0 førstestemmer, 2 andrestemmer, 0 tredjestemmer.
Anne Hilde Laland: 0 førstestemmer, 0 andrestemmer 1 tredjestemme.
Kari Elisabeth Torp: 0 førstestemmer, 0 andrestemmer, 1 tredjestemme.
Kirsten Almås: 0 førstestemmer, 0 andrestemmer, 1 tredjestemme.
Spent
–Sjølvsagt er det kjekt at sokneråda viser meg så stor tillit, seier Ludvig Bjerkreim. Det er jo grasrota i kyrkja som har sagt sitt.
–Kva tenkjer du no?
–Eg har hatt låge skuldrer i denne prosessen, spesielt før dette begynte. Eg har aldri hatt ein biskop i magen. Men sjølvsagt er eg spent no. Det er så mange som skal stemma og så mange usikre faktorar at dette er heilt ope.
Prestestemmer
Leiar i presteforeninga i bispedømmet, Lars Tore Anda, vil ikkje meina noko om prestane sine røyster ser annleis ut enn sokneråda:
– Det veit eg ikkje.
– Er du overraska over at Erling Pettersen har fått så mange røyster i eit bispedømme alle kallar konservativt?
– Nei. Bispedømmet vårt er mangfaldig. Det er mange mytar om Rogaland, men Pettersen er jo nominert.
Få røyster
Sokneprest i Tjensvoll, Helge Helgesen, er ikkje overraska over at kvinnelista han var med å lansera har sanka svært få stemmer i denne runden.
– Skulle de konsentrert dykk om ei eller to kvinner?
– Nei, me ville markera eit alternativ og visa at det finst aktuelle kvinner til bispegjerninga. Me kunne lett gjort lista mykje lenger.
– Er du skuffa?
– Nei, eg hadde rekna med det vart slik. Det er heilt naturleg at mange av sokneråda vel dei lokale kandidatane. Hadde me hatt ei lokal kvinne, kunne resultatet lett blitt annleis. Men her ligg noko av problemet i bispedømmet. Det er så få kvinner i leiande prestestillingar.
– Kor viktig er sokneråda si røyst i bispevalet?
– Dei er viktige som den lokale kyrkja sin stemme. Men me må også hugsa at det er mange andre som skal gi kyrkjeministeren råd, seier Helgesen.
Forslag: 20. februar lanserte bispedømmerådet sine fem mannlege bispekandidatar.
Ludvig Bjerkreim:
54 år, prost i Sandnes, tidlegare prest i Evje, Stord og Tananger. Har vore leier i landsstyret for Norsk Søndagsskoleforbund og mentor i trusopplæringsprosjektet Størst av alt i Time.
Kjetil Aano:
59 år, generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap. Har vore stiftskapellan hos Ernst Baasland, menighetsprest i Hinna, redaktør for Misjonstidende og misjonær på Madagaskar for NMS i to omgangar på til saman sju år.
Svein Arne Theodorsen:
53 år prost i Sunnhordland, har blant anna vore stiftsdirektør i Agder, rektor ved Hald bibelskole, forlagssjef i Credo, studentprest og lektor ved Telemark lærerhøyskole.
Erling Johan Pettersen:
58 år, sokneprest i Nordstrand i Oslo. Har vore reiseleder i Bennett, lærer ved praktisk-teologisk seminar på Menighetsfakultetet (MF) og direktør for Kirkerådet.
Øystein Bjørdal:
60 år, domprost i Molde. Har vore lærer på MF, studierektor på Liturgisk senter, formann i Oslo Domkirkes guttekor, vikar for Møre biskop.
ALTERNATIV:
Den alternative kandidatlista vart fremma av tre sokneprestar i Stavanger.
Kirsten Almås:
Prost i Gauldal i Nidaros. Født i 1959. Har vore studentprest i Trondheim, førstekonsulent ved UNIT/NTNU, prest i avdeling Helse og Omsorg i Trondheim kommune, sokneprest og prost i Nidaros, og leier for Norsk Kvinnelig Teologforening. Vart nyleg utnemnt til prost i Byåsen i Trondheim.
Helen Bjørnøy:
Generalsekretær i Plan Norge. Født i 1954. Har vore prest i KFUK/KFUM og i Tromsø. Har arbeidet på Lovisenberg diakonale høgskole, generalsekretær i Kirkens Bymisjon og miljøvernminister.
Ann-Helen Fjeldstad Jusnes:
Prost i Lofoten i Sør-Hålogaland. Født i 1956. Har vore sokneprest i Sør-Hålogaland og ordførar i Flakstad kommune i Lofoten. Leiar av Norsk Kvinnelig Teologforening.
Anne Hilde Laland:
Prost i Østre Aker i Oslo. Født i 1952. Har vore sokneprest og prost i Hamar bispedømme. Har også leia Norsk Kvinnelig Teologforening.
Kari Elisabeth Torp:
Dagleg leier i Stiftelsen Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep. Født i 1960. Har vore døveprest, gateprest i Bymisjonen og har vore med på å bygge opp ressurssenteret ho nå leier.
Bispevalet:
Frist for å seia si meining om ny biskop i Stavanger, er måndag 27. april. Sokneråd, prestar, vigsla kateketar, diakonar og kantorar i Stavanger bispedømme, alle prostar i landet, alle biskopar og teologiske professorar og til slutt Kirkerådet skal stemma før kyrkjeminister Trond Giske tek det endelege valet sitt.
Bispekandidat Ludvig Bjerkreim har fått flest stemmer av sokneråda. FOTO: Kristian Jacobsen
Bispekandidat Kjetil Aano har fått nest flest stemmer av sokneråda. FOTO: Lars Idar Waage
Kommentarer