Sokneråda i Rogaland er i full gang med å stemma på ny Stavangerbiskop. Til 27. april skal prioriteringane vera sende til departementet.
AV:
reidun
gudmestad
odd
hogstad
Her er resultata så langt. Fargen viser kven som har fått det aktuelle soknerådet sin førstestemme. Det betyr at han eller ho er den personen soknerådet ønskjer til biskop i Rogaland.
Held du musepeikaren på ein av prikkane, får du også opp kven det aktuelle soknerådet har prioritert på andre og tredjeplass.
Dermed gir kartet ein oversikt over kva rogalandskyrkja meiner om ny biskop. Men det fortel ikkje kven som til slutt blir utnemnt i statsråd.
Det er nemleg svært mange andre også som skal stemma, alle vigsla kyrkjeleg tilsette (prestar, diakonar, kateketar og kantorar) i Stavanger bispedømme, alle prostar, biskopar og teologiske professorar i landet og Kirkerådet. Til slutt er det kyrkjeminister Trond Giske og Kongen i statsråd som har siste ordet. Kanskje kan utnemninga skje i juni.
Førstestemmer så langt:
Kjetil Aano 24
Ludvig Bjerkreim 23
Erling J. Pettersen 7
Øystein Bjørdal 2
Helen Bjørnøy 1
Svein Arne Theodorsen 1
Kjetil Aano har så langt fått flest førstestemmer av sokneråda i Rogaland til jobben som ny biskop i Stavanger. FOTO: Knut S. Vindfallet
Kommentarer