Homoekteskap kan bli sentralt i kyrkjevalet

Nordisk nettverk for ekteskapet tykkjer kampen mot homofile brudepar i kyrkja er så viktig at den bør avgjera haustens kyrkjeval. Interessegrupper mobiliserer på kvar si side

Åpen Kirkegruppe Stavanger meiner ikkje at homofilisaka åleine skal avgjera kyrkjevalet, men har likevel plukka ut sine kandidatar.



- Me har fått mange gode kandidatar å velja mellom, seier leiar Benno Driesse i Åpen Kirkegruppe i Stavanger.



- Lista er samansett av både unge, eldre, kvinner og menn. Den har folk med ulike meiningar og bakgrunn.



- Eg meiner at ein av grunnane til at den vart så variert, er at personar og også kyrkjelydar gjekk saman og fremma fem kandidatar i tillegg til dei 21 som valnemnda foreslo. Det gav eit større mangfald. Benno Driesse trur den nye valordninga i kyrkja vil bli god for demokratiet - og at folk skal bli engasjert.



- Med det engasjementet som er vist til no, kan det godt bli aksjonar for kandidatar. Det er berre bra. Men eg ønskjer ikkje at det skal bli eit reint homofilival. Eg tykkjer ikkje det spørsmålet skal vera avgjerande for kven som kjem inn i bispedømmerådet.

Homofil

- Burde det ikkje vore ein open homofil på lista?



- Det har eg ikkje tenkt på. Eg veit ikkje om det er nokon aktuelle. Hadde eg blitt spurt sjølv, kunne eg kanskje sagt ja. Men det er ikkje det viktigaste. Eg er nøgd med lista.



Driesse ønskjer tidlegare sjefredaktør i Aftenbladet og kyrkjerådsleiar, Thor Bjarne Bore, til leiar av bispedømmerådet.



- Han legg vekt på at kyrkja skal leva med to syn. Sjølv om han ikkje svarer klart kva han meiner sjølv, ønskjer me han som leiar.

Liturgi

Nettverk for ekteskapet satsar på si side på at Kyrkjemøtet skal seia nei til å laga liturgi som kan brukast ved vigsel av par med same kjønn. Det krev at bispedømmeråda samla har fleirtal mot ein slik liturgi.



Kristian Kahrs er organisasjonen sin koordinator for kyrkjevalet. Han har brukt heile sommaren til å kartleggja kandidatane, sendt e-post til alle dei 260 kandidatane rundt om i landet og snakka med svært mange av dei.



Denne veka la nettverket ut ein oversikt over alle kandidatane på nettet, og har gitt dei farge etter kva dei meiner om denne saka.

SJÅ ALLE KANDIDATANE HER:

Avgjerande

- Så de vil at kyrkjevalet skal avgjerast av homofilisaka?



- Ja, me meiner den er så viktig fordi den nye ekteskapslova er ein politisk implementert reform.



Den raud-grøne regjeringa kjører knallhardt på å endra forståinga av familieomgrepet og få aksept i kyrkja for å ta frå barnet retten til far. Lagar kyrkja liturgi for vigsel av samkjønna par, er den med på å legitimera at den grunnleggjande familieforståinga vert endra.



Det vil me ikkje vera med på. Heile tenkinga vår om familien er utfordra, seier Kahrs.



- Me kjem til å mobilisera kristen-Norge no før valet og vil auka talet på tilhengjarar kraftig. Eg trur eit overveldande fleirtal er samde med oss og satsar på ein brei allianse for barna sin rett til mor og far, og inviterer difor kristenfolket med i den kampen.



- Så kristen-Norge er stort sett samde med dykk?



- Dersom du kjem langt ut på venstresida i kyrkja, prega av liberal teologi, til dømes i Studentforbundet, er det kanskje vanskeleg for folk å definera seg som ein del av kristen-Norge også. Så eg reknar med det, seier Kahrs.



Han kjenner ikkje til om det blir lokale framstøyt i Rogaland for å fremma kandidatane.

Nordisk nettverk for ekteskapet meiner 16 av dei 26 kandidatane til bispedømmerådet i Rogaland vil sikra deira synspunkt. Her er deira råd.

Kjartan Djønne
Bernhard Engedal
Ingvill Hagesæther Foss
Svein Arne Lindø
Johannes Leiknes Nag
Kari Austerheim Silde
Rune Skagestad
Tor Soppeland
Ingrunn Vassbø Særheim
Wenche Haugen Havrevoll
John Ludvik Hollen
Solveig Lindaas Haaland
Einar O. Iversen
Inger Kari Søyland
Tor Sven Utvik
Rune Øygard

Leiar Benno Driesse i Åpen Kirkegruppe tilrår desse åtte kandidatane til bispedømmerådsvalet:

Leif Christian Andersen
Thor Bjarne Bore
Kristin Wallem Hagen
Anndi Lomeland Jacobsen
Einar O. Iversen
Berit Kopren
Kjetil Tjessem
Andreas Veggeland

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Livssyn

Syntes valgordning var for vanskelig

Kirken strever med å få til en god valgordning for menighets- og bispedømmeråd. For dårlig informasjon og for vanskelig ordning, er kritikken.

Juleslagsmål i Betlehem

Palestinske politi måtte onsdag rykke inn i Fødselskirken i Betlehem for å skille greskortodokse og armenske prester og munker som røk i hop.

Må hjelpe stadig flere nordmenn i utlandet

Sjømannskirken må hjelpe stadig flere nordmenn som får problemer i utlandet.

Bombe mot kirke i Nigeria

En bombe har eksplodert midt under en julegudstjeneste i en kirke i nærheten av Nigerias hovedstad Abuja, opplyser øyenvitner.

Like stor andel kristne som for 100 år siden

Av verdens 6,9 milliarder mennesker er nærmere 2,2 milliarder kristne.

DIREKTEVAL: Stavanger er blant dei fire bispedømma der alle sju medlemmane skal veljast direkte. Dei andre prøver ein kombinasjonsmodell.



VALDAG: Samtidig med stortings- valet, 14. september, somme stader den 13 også. Då skjer også val til sokneråd.



STEMMERETT: Medlemmar i Den norske kyrkja over 15 år.



STØRRE: Bispedømmerådet vert utvida til sju leke medlemmar (fire i dag), biskop, ein prest og ein lek kyrkjeleg tilsett.



KYRKJEMØTE: Bispedømmerådet er utsendingar til Kyrkjemøtet. Det vert utvida frå 86 til 115 medlemmar.



KOSTAR: Kyrkjeminister Trond Giske har løyvt 73 millionar til gjennom- føring av årets kyrkjeval.



VALPERIODE: Denne gongen er valet for berre to år.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest