- Min kandidat var Kjetil Aano, seier statsråden frå Rogaland, kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
AV: reidun gudmestad
– Grunnen til at dette vart ei spesielt vanskeleg bispeutnemning, er at det har stått mellom to veldig gode kandidatar.
– Kvifor ville du ha Aano?
– Fordi regjeringa held kyrkjedemokratiet høgt. Då burde me fylgt opp den klare støtta Kjetil Aano hadde frå kyrkja i Rogaland.
– Kva argumenterte du elles med?
– Han kjenner Stavanger bispedømme og er sterkt ønska der. Han kunne ha tilført bispekollegiet internasjonal erfaring og sosialetisk engasjement.
Magnhild Meltveit Kleppa legg til at ho ikkje tok dissens i saka.
– Stod du åleine?
– Det vil eg ikkje svara på.
– Var debatten hard?
– Me er jo siviliserte menneske. Debatten var svært grundig. Eg vil elles overlata til Trond Giske å uttala seg om prosessen.
– Men eg vil gjerne ønskja Erling Pettersen velkommen til Stavanger bispedømme. Eg er ikkje i tvil om at me får ein utmerka biskop. Me hadde eit val mellom to sterke kandidatar.
FOTO: Jonas Haarr Friestad
Erling J. Pettersen vart utnemnd til biskop fredag. FOTO: (MMS) Torunn Egge Roux
Kommentarer