Eg har ingenting i mot menneska som har homofile kjensler, heller ikkje dei som lever i homofile forhold.
AV: jon petter nordbø, bror til arnfinn nordbø
Det er med sorg i hjarta eg ser meg nøydd til å skriva desse linjene. Grunnen er dei stadige angrepa på min familie og bedehusrørsla frå min eigen bror, Arnfinn Nordbø. Eg er ikkje i tvil om at det har vore vanskeleg for han å stå fram som homofil sambuar, og vil respektere det valet han har tatt. Likevel er eg skuffa over korleis han har kjempa for sitt syn.
I løpet av det siste året har me prøvd å vera stille i det offentlege, prøvd å seia minst mogleg som kan virka provoserande, som kan gjera forholdet til Arnfinn vanskelegare. Dette har me gjort i håp om at stormen skulle leggja seg. Men det er tydeleg at ikkje alle vil ha det stille. Eg vil derfor seie nokre ord om dei stadige angrepa og skuldingane som har kome mot meg sjølv, familien og deler av bedehusrørsla i Rogaland.
Overskrifta «Betre død enn homofil» har blitt brukt i mange av innslaga i ulike media. I den nye boka til Arnfinn kjem det fram at dette sitatet kjem frå våre foreldre. Overskrifta har blitt brukt til å generalisera tusenvis av bibeltru kristne i Rogaland. Ein hevdar indirekte at dei bedehuskristne i Rogaland ynskjer at dei homofile skal døy. Dette er så langt ifrå sanninga som ein kan kome, og må avvisast som absurd og misvisande. Eg meiner at både Arnfinn, Aftenbladet, og andre media bør tenkja seg om kva titlar og sitat som vert brukt. (Sjå Sylfest Lomheim; http://www.kpk.no/index.cgi?art=5707 )
Det andre me må spørja oss er om dette er sant. Stemmer det at me ønskjer at Arnfinn heller var død enn homofil? Eg har enno ikkje møtt ein einaste vedkjennande kristen som meiner dette. Unntaket må vere den personen som sendte hatske og fæle meldingar, meldingar som me på det sterkaste tok avstand frå med det same dei kom. Når Arnfinn meiner sitatet stammar ifrå våre foreldre, er det fullstendig feilaktig, spekulativt og absurd.
Bibelen seier at dei som lever i synd ikkje skal arva Himmelen. (Sjå mellom anna 1. Kor. 6, 9-11; 1. Joh. 3, 4-9) Trur ein heile Guds Ord, seier det seg sjølv at det er betre at menneska døyr når ein har saka si i orden med Gud, enn at ein døyr i synda og går evig fortapt. Men det betyr ikkje at me ønskjer død eit einaste menneske som lever i synd! Det kallar oss derimot til forbønn, omtanke og kjærleik for den uomvende. Me er kalla til å elska både venn og fiende, ikkje til å hata, trakassera, mobba eller ønskja nokon sin død! Det er klart at dette treng òg såkalla bibeltru kristne å minna kvarandre om.
Bibelen kallar alle menneske til omvending frå sine synder og til tru på Herren Jesus. Dette gjeld alle synder, om det er mord, baktaling, begjær, tjuveri eller hor. Når Bibelen formanar menneska til omvending, er det eit uttrykk for kjærleik, så ein ikkje skal gå evig fortapt (sjå til dømes Joh. 3, 16ff). Difor meiner eg at sitatet Arnfinn brukar er eit urimeleg angrep på dei kristne, samstundes som det er spekulativt og villeiande.
Fleire gonger har det vorte skrive, både frå Arnfinn sjølv, men også som fakta frå media si side, at Arnfinn vart utstøytt frå familie, venner og bedehusmiljøet. Det er med undring eg har lese dette, for eg kjenner meg ikkje igjen i denne framstillinga. Det undrar meg òg at media ikkje undersøkjer dette litt meir.
Dette er slik eg ser det: Då Arnfinn reiste til Oslo kutta han banda og verva han hadde hatt i Rogaland. Han gjekk ut ifrå styre og stell, han sa frå seg forkynnartilbodet frå Norsk Luthersk Misjonssamband. Ingen av oss i familien ante noko om kva tankar han sleit med. Det tok to-tre månader frå han flytta, til han sa at han hadde homofile kjensler.
Eg veit ikkje om eit einaste bedehus som ville stengt døra for Arnfinn eller andre som oppfattar seg sjølv som homofile. Det einaste eg har møtt i dei forskjellige forsamlingane, er stor naud og kjærleik for Arnfinn. Dei modigaste menn har gråte sine tårer for han. Han har vore regelmessig heime hjå familien etter han flytta, og me har ikkje stengt døra for han. Me har ynskt han velkommen heim til høgtid og kvardag, han er alltid velkommen heim. Samstundes har familien ved fleire høve besøkt Arnfinn i Oslo. Når det gjeld hans venner, veit eg at mange har prøvd å snakka med han. Eg veit om fleire som har besøkt han i Oslo, som ønskjer å halda kontakten. Er dette utstøyting?
Så er det sant at dei kristne forsamlingane ikkje ønskjer at dei som lærer eller lever i strid med Bibelens lære bør ha tillitsverv, leiarverv eller opptre offentleg i kristne forsamlingar. Eg tykkjer det er ganske opplagt. Det vert som om Statsministeren plutseleg avviste standpunkta til Ap og melde seg inn i Frp. Hadde han då hatt tillit i Ap? Sjølv om toleransen skal vera stor i dei krinsar, tvilar eg på at han hadde vorte invitert til å tala på landsmøtet til Ap.
Dei teologiske vurderingane som Arnfinn har gjeve uttrykk for både i media og i boka si, er etter mitt syn under ein kvar kritikk. Det er dårleg teologi, rett og slett. Eg skal ikkje gå nærmare inn på einskildspørsmål her, då må eg òg skriva bok. For dei som vil studera deler av desse spørsmåla, vil eg for eksempel vise til nettsida www.homofili.com.
Eg meiner at Arnfinn og andre teologar som støttar han, har eit problematisk bibelsyn. Dei forkynner det folk likar å høyre, som Bibelen sjølv seier i 2.Tim. 4, 3: 2: «For det skal koma ei tid då folk ikkje tåler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra.» Det er ingen tvil om kva haldning Bibelen har til homoseksuell praksis; den er klar og tydeleg negativ. Gjennom ymse tvilsame omvegar klarer likevel Arnfinn å gjere Bibelens nei til eit ja. Det er når ein vil rettferdiggjere sine eigne val ein må forandre på malen for å få den til å passa på sitt eige liv.
Eg vil ikkje teikne eit glansbilete av bedehusrørsla i Rogaland eller meg sjølv, me veit så godt kor me står. Me er syndarar som treng Guds nåde kvar dag. Me har nok mange gonger hatt ei ubibelsk framferd som dessverre kan ha støytt folk bort. Til det er å seie at me er ikkje fullkomne i oss sjølv, og me treng tilgjeving. Me treng sjølv dagleg å omvende oss frå vår synd til Jesus. Me treng å tenkje gjennom korleis me møter mellom andre dei som har homofile kjensler blant oss, og dei som lever i homofile forhold.
For meg er det eit tankekors at Arnfinn aldri torde å seia til meg kva han sleit med. Eg ville så gjerne vore ein bror som han kunne snakka med, og funne hjelp hjå. Eg har ingenting i mot menneska som har homofile kjensler, heller ikkje dei som lever i homofile forhold. Ingen treng tru at eg ser ned på dei, at dei er mindreverdige i mine auge eller noko liknande. Alle menneske, frå fosteret i mor sin mage til 100-åringen, om ein heiter Adolf Hitler eller Moder Teresa, er skapte i Guds bilete, og er av uendeleg verdi i kraft av det. Men eg kan ikkje gi homofile sambuarar Bibelsk godkjenning til å leva slik dei gjer, og reagerer når dei forventar å ha tillit blant bedehusrørsla. Me kan ikkje gå på akkord med sanninga som me meiner er å finna i Guds Ord. Me ønskjer og prøver å vere den Bibelske sanninga tru, i kjærleik.
Me har ved gjentekne tilfelle oppmoda Arnfinn til å dempe den offentlege profilen. Ikkje i forhold til den ideologien han framfører, der må han gjerne stå som talsmann, sjølv om me er hjartans ueinige med dei fleste synspunkta han no har. Men dei gjentekne angrepa på familien, særleg mor og far, er vonde. Eg spør meg om det fins døme i Noregs historie på ei slik offentleg uthenging av nolevande foreldre?
FOTO: Egil Eriksson
Kommentarer