FOTO: Kristian Jacobsen
No har også søndagsskulen kasta seg inn i kampen om bispestolen. Saman med Tananger satsar dei på Bjerkreim. Ei eiga støttegruppe på Facebook har han også fått.
AV: reidun gudmestad
Tananger er Ludvig Bjerkreim sin tidlegare kyrkjelyd, før han vart prost i Sandnes. Han var sokneprest der frå 2001- 2008. I Norsk Søndagsskoleforbund har han vore styreleiar i ni år.
- Me meiner han er den beste biskopen me kan få, særleg med tanke på vårt fokus, barna, seier informasjonsleiar i søndagsskoleforbundet, Helge Bratsberg.
- Me meiner at Stavanger og Norge treng ein biskop med glød og entusiasme for barn, ungdom og trusopplæring.
Brosjyre
- Me er ein heil gjeng her i Tananger som saman med søndagsskulen arbeider for Bjerkreim, fortel Kjersti Goa Lødemel. Ho var leiar i menighetsrådet fire av dei åra Bjerkreim var prest der.
- Me har svært stor tru på Bjerkreim som biskop. Men me trur ikkje han er så godt kjent i resten av landet. Difor vil me gjerne bidra til å gjera han kjent. Difor har me fått laga brosjyren som me torsdag kveld sende til alle som skal stemma.
- Kva er det med han?
- Han kan løfta blikket, er visjonær og god leiar. Han ser folk rundt seg og er veldig god på relasjonar.
Han er dessutan god lagspelar, seier soknerådsleiaren.
Ho har merka seg at det har vorte lagt vekt på at kandidatane har skrive bøker og artiklar. - Eg trur det er lagt for mykje vekt på den sida. Ludvig Bjerkreim har brukt tida si ute blant folk. Det er god bispekompetanse. Eg trur me treng ein slik folkeleg biskop, og me vonar også me kan påverka nokre professorar og andre til å sjå det.
Det var privatpersonar i Tananger som tok initiativet til brosjyren saman med søndagsskuleforbundet. Og det er privatpersonar som har betalt utgiftene.
- Me har vege for og imot om initiativet vil slå positivt eller negativt ut. Så valde me å heva oss over jantelov og alt og fortelja kven han er. Då har me i alle fall gjort vårt, seier ho.
Korkje Bratsberg eller Lødemel kjenner til at det har vorte drive slik lobbyverksemd for ein bispekandidat før.
På Facebook
Det er også oppretta ei eiga facebook-gruppe til støtte for Bjerkreim som biskop. Midt på dagen måndag hadde den 344 medlemmar. - Det er langt meir enn eg trudde, seier mannen bak gruppa «Ja til Ludvig Bjerkreim som biskop i Rogaland», Dagfin Magne Egeland.
- Eg gjorde det fordi eg meiner han er den rette til å bli biskop og fordi eg gjerne ville støtta han, seier Egeland, som også kjenner kandidaten frå Tananger. - Eg er overraska over at Facebook-gruppa har fått så mange medlemmar. Interesser er større enn eg trudde.
Overraska
- Først vart eg overraska over at eg vart med i nominasjonsprosessen. No tykkjer eg sjølvsagt det er kjekt at nokon meiner eg passar til biskop, seier Ludvig Bjerkreim sjølv.
- Sjølvsagt blir eg stolt når eg ser at nokon vurderer kvalitetane mine slik. Det trur eg alle ville blitt. Samstundes er eg audmjuk for at bispegjerninga er ei svær oppgåve som krev svært mykje.
Ludvig Bjerkreim ligg hakk i hæl på den andre lokale bispekandidaten, Kjetil Aano i sokneråda sitt bispeval.
Kommentarer