Ho som gir oss nye salmar
Som liten skreiv ho og bestemor bøker på brødposar. Det kvardagslege har ho teke med seg i skrivinga. Kanskje nettopp difor har salmane hennar fått plass i forslaget til ny salmebok.
Som barn på Ålgård samla ho vakre og høgtidelege ord, til dømes frå dødsannonsar. Som vaksen skriv ho salmar kjende for livsnært språk.
Den norske kyrkja skal få ny salmebok og ny liturgi. Bryne-kvinna Heidi Strand Harboe er representert begge stader.
– Eg visste at salmane mine var foreslått, men eg visste også at det var uhorveleg mange forslag. Difor såg eg på det som uoppnåeleg å koma med i salmebokforslaget, fortel ho.
– Det er jo ikkje sikkert at det blir endeleg heller. Men eg vart både overraska og glad då eg fekk beskjeden.
«Bortom tid og rom og tanke» vart skriven til Norges Kristelige Studentforbund sin salmekonkurranse i 1999. «Eg tror dette er 90-åras salme,» sa Lise Vislie til avisa Vårt Land då. No er den foreslått til salmeboka.
«Kyrie» som ho skreiv til Jelsa-kyrkja sitt jubileum i 1997, er foreslått til salmeboktillegget.
– Kor mange salmar har du skrive?
– Ein del blir brukte, andre ikkje så mykje. Nokre har fått plass i songbøker. Kanskje eg har laga 10- 20 til saman.
– Kva er ei salme?
– Den skal kunna brukast på mange måtar og av ulike menneske. Den seier noko om mennesket sitt forhold til Gud, samstundes som innhaldet er allmenngyldig.
Lågmælt
– Kva kjenneteiknar dine salmar?
– Ofte er dei relativt lågmælte. Eg skriv om det som kjennest viktig for meg. Utgangspunktet mitt er det nære. Men eg skriv også om krig og andre ting som fortvilar meg. Eg vonar at andre skal kjenna seg igjen.
Det same ønskjer ho for gudstenesta: – Eg er glad i gudstenesta, ønskjer at den skal vera tilgjengeleg for så mange som råd og at folk skal kjenna seg heime der. Eg trur det er svært mykje tru blant folk, men at mange ikkje trur det er plass til deira tru i kyrkja.
Kyrkjemøtet i 2003 vedtok å arbeida med reformer av gudstenestelivet, liturgi og salmebok.
Språk
Heidi Strand Harboe sa først nei til å vera med i arbeidet med liturgien. Spørsmålet galdt ei språkgruppe.
– Eg er dårleg å seia nei og tenkte eg skulle øva meg. Men då møtetida vart tilpassa meg, lova eg å koma første gongen. Slik vart eg med vidare. Og det angrar eg ikkje på.
– Etter kvart forstod eg at eg var med på ein stor ting. Tenk å kunna sitja i lag i timevis og diskutera språk, eitt ord, eller komma.
Ho har, som dei andre, også skrive nye tekstar når det trongst.
– Eg lurte i starten på kvifor eg var med. Alle dei andre hadde så høg kompetanse. Etter kvart forstod eg at dei hadde lese salmane mine.
Ho gjekk inn i arbeidet med stor respekt for kyrkja sitt språk og tenkte at det har vore i bruk heilt sidan oldkyrkja. – Etter kvart har eg oppdaga at mykje av det har vore endra på før også.
Bruksspråk
– Kva er spesielt?
– Alt vert sagt så kort, og det er viktig at det er så godt som råd. Det må vera eit språk folk kjenner seg igjen i, som ikkje stengjer dører til kyrkja og Gud, men helst opnar dei. Det må tenkjast så vidt som råd, utan at innhaldet vert feil. Liturgien er kyrkja sitt bruksspråk og skal ikkje vera for pompøst, men slitesterkt. Det skal kunna brukast igjen og igjen tusenvis av gonger utan å bli oppbrukt. Då må det vera fritt for klisjear og utanomsnakk.
Ein gong opplevde ho å arbeida ein heil søndag med to-tre setningar, utan å få det til. – Men då eg presenterte det eg hadde laga for dei andre i nemnda, viste det seg at eg hadde funne akkurat det dei var ute etter.
– Eg har vore heldig som fekk vera med på dette.
Ny salme
Ho er læraren som trivst så godt i skulen at ho aldri tykkjer ho kan ta permisjon for å «berre skriva». Rett nok har ho prøvt det, og kanskje gjer ho det igjen, men alltid er det så mykje nytt og spennande som skal gjerast i skulen og elevar ho så gjerne vil vera saman med.
– Kva no for deg?
– Eg har fått spørsmål om å skriva salme til Time kyrkje sitt jubileum hausten 2009. Den skal eg etter planen begynna på denne månaden. Eg skriv mange teaterstykke som me bruker på skulen. Dessutan skriv eg blogg og har ein del av lærarstillinga som dramalærar i kulturskulen.
– Til hausten begynner eg som lærar i skapande skriving i kulturskulen. Det gler eg meg veldig til. Men baksida er at det blir mindre tid i skulen.
Skriv din kommentar
Aftenbladet.no
Seks av åtte kamper i den første serierunden spilles i minusgrader.
Fotball:
Les mer
slått ut to tenner
Kveldens festforestilling mot Lillehammer ble en nedtur for Lukas David, som havnet på sykehus.
Ishockey:
Søndagens kamp i fare
1
trafikklærer - dømt
Den 67 år gamle pensjonisten som skamslo en trafikklærer ble i Jæren tingrett dømt til fengsel i 3 måneder og må betale nesten 50.000 kroner.
Lokalt:
Les mer
Et helikopter er ved Tysdalsvatnet for å spyle fjellsida for snø og is langs rasstrekket på riksvei 13.
Ryfylke:
Ny vurdering lørdag
3
stjålne skilt -
så stikker de
fra regningen
Tyver stjeler bilskilt og bruker disse på sin egen bil når de fyller bensin.
Lokalt:
Se hvordan tyvene gjør det
7
Dagens namn
Heidi Strand Harboe
Fødd: 23. mai 1961
Sivilstand: Gift med Leif, fire barn
Yrke: Lærar på Bryne skule og i kulturskulen i Time
Beskriv deg sjølv med tre ord: Snill, nysgjerrig, kreativ, rotete
Laster du gjerne skulle bli kvitt: Eg skulle blitt flinkare å rydda i hus og hage.
Kva synest du om Stavanger 2008: Eg tykkjer det er spennande. Eg har ikkje fått med meg så mykje anna enn Spor i sand så langt, men vonar på meir etter kvart. Det er bra at kultur får så stor plass.
Siste Livssyn
-
- Heller sjaman enn Anna Anka
TVNorge og Kanal FEMs spirituelle satsing blir oppsiktsvekkende tiet i hjel, mener religionsviter Anne Kalvig.
-
Kirken vurderer endringer
i medlemsreglene
Kirkerådet skal på sitt møte lørdag vurdere å endre bestemmelsene om medlemskap slik at et barn ikke automatisk blir medlem når bare én av foreldrene er med i Den norske kirke.
-
Grammy-vinner i Stavanger
Grammy Award-vinner Donnie McClurkin og flere andre kjente amerikanske gospelsangere skal denne helgen både undervise og holde konsert. «This is Gospel 2010» arrangeres i Stavanger for første gang.
-
Ny salmebok kan komme i bruk i 2013
Kirkerådet skal behandle et forslag om at ny hovedsalmebok for Den norske kirke skal vedtas av Kirkemøtet i 2012. Dette betyr at ny hovedsalmebok kan tas i bruk første søndag i advent 2013.
Siste saker fra Aftenbladet.no
- 23:33 Serieåpningen blir iskald
- 23:10 Mann til sykehus etter brann i Bø i Telemark
- 22:54 Små endringer på Wall Street
- 22:35 Ryfast-tallene holder vann
- 22:27 Seks drept i begravelse i Mexico
- 22:03 Se bildene fra festen i Siddishallen
- 21:43 Nedtur for Bøkko
- 21:37 Se Viking, Sandnes Ulf, Drillos, Klepp og Bryne på Aftenbladet.no
- 21:27 David kjørt til sykehuset
- 21:01 Clinton hardt ut mot Israels byggeplaner
- 20:35 Minst 30 druknet i Kasakhstan
- 20:34 En alvorlig skadd i knivslagsmål i Oslo
- 20:20 Tyver på Tjelta tatt på fersken
- 20:11 Pensjonist skamslo trafikklærer - dømt til fengsel
- 19:32 Ny plattform på Ekofisk
- 19:06 Kald vinter varsler kald vår
- 18:42 Helsetilsynet kritiserer etter drap
- 18:25 Viking er fortsatt på jakt etter back
- 18:20 Bil av veien ved Jørpeland
- 18:08 Kvinne kjørte i tunnelvegg - ble dømt
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira



















