- Feil å krevja min klient for banktap

Hjelmeland Sparebank sitt styre vil før nyttår avgjera om dei vil gå til sivilt søksmål mot ein tidlegare tilsett i samband med tap dei meiner vedkomande har påført banken. Blir det søksmål, er det truleg snakk om eit erstatningskrav i mangemillionar kroners klassen.