• Butikkeigar Karin Ågesen på Ombo må rigga seg til i ei posttralle på kaien i Eidssund for å kunna snakka i mobiltelefonen. Ho er fortørna og oppgitt over den elendige mobildekninga i området. FOTO: Oddbjørg M. Måland, Øyposten

- Ikkje få hjartestans på Ombo

Når butikkeigar Karin Ågesen skal oppnå kontakt med dei høgare makter gjennom mobiltelefonen kryp ho inn i ei posttralle ute på kaien i Eidssund på Ombo. Ho trur det er eit tidsspørsmål før den elendige mobildekninga fører til tap av liv.