• Eit av forslaga til Arne Herrem er at kolonihagane i Stavanger kan bli meir økologiske ved å unngå sprøytemiddel. Her frå Våland kolonihage. FOTO: Jonas Haarr Friestad

- Økologisk dyrking er trendy

— Kolonihagane i Stavanger kan bli opplæringssentralar i nærmiljøet for trygg dyrking av mat, seier Arne Herrem. Prosjektutviklar Gabriele Brennhaugen i bymiljø og utvikling i kommunen er positiv til dette, sjølv om ho ikkje kan lova noko endå.