1,3 mill. i dagbøter til SiR

SANDNES: Omsorgsavdelinga i Sandnes brukte i fjor 1,3 millionar kroner til å betala dagbøter til Sentralsjukehuset i Rogaland (SiR). Dette er pengar kommunane må betala for utskrivingsklare pasientar som dei ikkje klarer å ta imot, og som derfor blir liggjande på sjukehuset.