Soga om islendingane og det store pengespelet
Eirik Raude heitte ein mann. Han var frå Øksnavad på Jæren. Eirik var
snøggsint og vågal, og drap fleire menn. Difor laut han røma landet. Han
sette seg i langskipet sitt og rak for ver og vind til han kom til Island.
Der heldt Eirik fram med å hogga ned folk, slik han hadde for vane. Og snart
vart han lyst fredlaus på Island òg.
Eirik la ut på havet att. Han dreiv nordover, og etter ei tid kom han til eit
land som var dekt av is og snø. Eirik sette seg føre at han ville byggja
dette landet, og han kalla det Grønland, av di han ville lokka fleire menn
dit. Mange trudde på han, og same sommaren drog det 25 skip etter Eirik til
det nye landet. Men berre 14 av dei kom fram.
Eirik hadde ein son som heitte Leiv. Han var djerv og full av vågemot som far
sin, og var lite nøgd med å jakta på selhundar og kvalrossar mellom isflaka
på Grønland. Han rusta ut eit skip og rak vestover til eit land som var
snautt og verhardt, men Leiv kalla det Vinland, og då Leiv og mennene hans
kom attende, sa dei at der var sjølvsådde kveiteåkrar og vinbuskar overalt,
for dei ville lokka folk til det nye landet. Mange drog, men få vart
verande. Somme fall i strid med dei raudhuda skrælingane som budde der frå
før. Andre drog sørover i landet og vart aldri meir spurde. Men dei fleste
vende attende og slo seg til på Island.
Etterkomarane til Eirik og Leiv vart sitjande på Island i tusen år. Dei
fortalde soger, fiska torsk og drakk sterk drykk frå svartedaudstida. Lite
brydde dei seg om verda ikring, og andre folk ansa lite på dei. Av og til
spruta det eld frå fjellet og varmt vatn or jorda, men jamnast var dagane
deira lange og keisame.
Dei kvad:
Stolte soga
sig bort i skodda,
einsam på øy
sit Eirik-flokken.
Dåd og djervskap
var Islands-dygder,
tidtrøyte vesal
er torske-turking.
Ein kveld dei sat over drykken, sa ein av dei yngste i flokken: «Stor skam er
det at menn av Eiriks ætt sit ved gruva og grev som skrøpelege kjerringar.
Men no har eg funne opp eit spel som skal vekkja vågemotet og sløgskapen
dykkar opp frå dei daude. Hugs at dei djerve forfedrane våre la ut på opne
havet utan å vita kvar ferda ville enda. No vil eg at vi skal gjera det
same, men på ein annan måte.
Legg no alle sølvmyntane og alt gullet dykkar på bordet. Knyt deretter bind
for augo, og så tek de til å byta pengar. Men de skal gjera det slik at den
som gjev frå seg eit gullstykke, skal låna ti av mannen ved sida av, og han
skal låna hundre av nestemann. Og når me kjem ut og skal spela med
allmugefolk, narrar me dei til å tru at den som sit att med mest skuld når
sola går ned, hadde vunne spelet.»
Mennene slo på skjolda og sa at dette var ein leik som høvde utifrå godt på
Island. Snart hadde spelet breidd seg ut over heile landet, og islendingane
hadde stor gaman med det. Mang ein mann fekk no meir skuld enn han kunne
bera, men islendingane visste råd. På sølvmyntane skreiv dei ti kroner i
staden for ei, og på gullstykka tusen i staden for hundre, og endå meir
etter kvart som skulda auka. På det viset trudde dei seg rikare enn nokon
gong, endå om dei ikkje hadde fleire penningar enn før.
Ein sommar drog nokre av islendingane vestover til Vinland. I den største
kaupangen i landet, den dei kallar Ny-Jorvik, kom dei til ei gate som heitte
Vegg-gata. Her var det overlag høge hus som skygde for sola, og alle mennene
gjekk rundt i kvite silkebrynjer og svarte kapper med smale striper på. Dei
tala høgt og snøgt, og såg svært annige ut. Islendingane såg at dei bytte
penningar, og gav seg til å tala med dei. Då synte det seg at nokre av dei
ætta etter mennene som Leiv hadde hatt med seg til Vinland tusen år for, og
som hadde gjeve seg på vandring sørover.
Då dei skjøna at dei var skyldfolk, fall islendingane og vinlendingane om
halsen på kvarandre og ropa høgt av glede. Vinlendingane baud på både øl og
vin. Islendingane var vel nøgde, for om drykken var i tynnaste laget, så var
horna større enn noko dei hadde sett på Island.
Så fortalde islendingane om spelet dei leika seg med heime i gamlelandet. Og
då vinlandsmennene hadde lært seg det, var dei ikkje til å stogga. Dei
sprang ut i gata, la seg på kne framfor gudebiletet av ein stut, og lova
Odin og Tor fordi dei hadde sendt dei slike penning-trollmenn. Så gjekk dei
attende til islendingane, blanda blod med dei og sa: «Vita skal de at
pengemakta vår er stor, og vi byter gull med alle land. Med dykkar hjelp vil
vi no læra heile verda det nye spelet, og så vil rikdommen vår auka.»
Dei kvad:
Med Vinlands-vener
skal verda vinnast
leikande lett
på lånevegen.
Godtrune grannar
vil gullet ofra,
smalstripe-skokken
supar av skåla.
Islendingane drog no vidare til Noreg, England og mange andre land. Overalt
lokka dei folk til å gi frå seg gullet sitt, og så sette dei i gang med
låneleiken.
På denne tida styrte ein mann som dei kalla Brune-Gordon i England. Han var
av skotsk ætt, og skottane var kjende for å vera meir knipne med skillingane
sine enn noko anna folk.
Brune-Gordon samla allmugen kring seg og tala til dei med streng røyst:
«Lenge er det sidan riket vårt var stort og mektig, og stolte engelske menn
rådde over jorda og samla rikdom i kister og skrin. No trur eg de er blitt
reint synkvervde av nokre fisketevjande veraballeetarar frå ein holme langt
nord i havet. Dei kjem hit og talar eit uskjøneleg mål, og de let dykk narra
til å gi frå dykk alt gullet og sølvet dykkar, slik at desse
penningberserkane kan få spela seg med det. Aldri har vi engelskmenn hatt
noko godt i vente frå menn av vikingætt. Gå no til islendingane og krev
pengane attende før det er for seint.»
Engelskmennene rusta seg med øks og spjut og gjekk på islendingane. Men dei
slo berre ut med hendene og sa at dei visste ikkje kor gullet var blitt av.
Islendingane fekk med nauda berga seg på skipa sine og lagt frå land før
engelskmennene gav dei banehogg. Brune-Gordon svinga hammaren og svor at han
skulle rusta ut store langskip med hærmenn og syta for at det korkje kom
snøggvogner frå Saksland eller geysirvin frå Frankarriket til islendingane
før engelskmennene hadde fått tilbake gullet sitt.
Då folk på Island fekk høyra dette, vart det stor øsing i landet.
Islendingane sette seg til å telja penningane sine, og flest alle fann ut at
dei hadde tapt det meste av det dei åtte på pengespelet. I flokk drog dei
til Alltinget og reiste ei stor nidstong mot drottseten, som heitte
Harde-Geir.
Dei ropa: «Klokast av alle skulle du vera, men du sleppte desse seidmennene
laus for å leggja landet øyde. Stort svik er dette mot folket ditt. Rettast
var det om me sette deg ut på havet i ein båt utan årar og let deg driva for
straum og storm.»
Harde-Geir vart redd då han høyrde slik tale. Då mørkret fall på, reid han
frå tinget til skipet sitt, sette segl og drog til Noreg. Der gjekk han
beint til Stolte-Jens, som rådde i Noreg på denne tida. Geir kasta seg på
kne framfor Jens og bad:
«Ille har vi stelt oss, og stor er nauda vår. Men eg veit at du har større
rikdom enn du kan nytta, hjelp oss no, for gamalt blodsbands skuld!»
Jens svara: «Mykje ufred vart vi sparte for då Eirik flydde landet, og i
tusen år har vi levd i fred for ætta hans. Du skal få av gullet vårt. Men
lov meg då at de held dykk i ro på Island og fangar fisk og diktar soger som
før, og aldri meir freistar med pengetrolldom.»
Harde-Geir lova å gjera som Jens hadde sagt. Han lasta skipet med gull og
sølv og drog attende til Island. Men i alle land gjekk folk rundt og undrast
på kor pengane deira brått var blitt av.
Diskuter denne saken
endelig har alle forstått at Leif var en islending
Endelig har alle Nordmenn forstått at den kriminelle Leif var en Islending. Ikke at vi skal være stolte av ham men han har jo funnet et land og det skryter vi av. Men vi har ikke mindre farlige forbrytere i landet i dag og hvis det bare fortsatt fandtes lov om skoggang så ville de bli sendt til utlandet som man gjorde før. De hadde hjulpet lidt med økonomien hvis vi kunne sende Geir, David og de andre spillerne til utlandet i tre år. Egentlig har vi ikke råd til å ha dem gående rundt her uten tilsyn.
Svar på innlegg · Nytt innleggThe Icelanders are coming back!!
Hi Norske folk
We want to come back home. We realize we made a mistake over 1000 years ago and are coming back home. We will make sure to leave Geir Haarde in Iceland and all the BUY KINGS - to protect our- sorry your - oil money.Hope to see you all on Fornebu.Love297.368 former Icelanders Svar på innlegg · Nytt innleggDiaspora vikinger
Velkommen skal dere være.
For Nordmenn og Islendinger er Kongesagaen som Mosebøkene for Jøder.Hilsen Norge Svar på innlegg · Nytt innleggnorsk
Men Harde-Geir er norsk så venligest ta han tilbage
Svar på innlegg · Nytt innleggVi er fra Norge
Nordmenn , ikke glem det at vi er fra Norge , vi er same folket , vi kommer tilbake , vær sikker pa det, hilsen fra island.
Svar på innlegg · Nytt innleggUaktsomt landsforæderi.
Dere kan fá våre politikere av norsk avstamming til bake når som helst.I tillegg, en tidligere statsråd, nuværende ambassadör i Paris. Ambassadörposter er på et vis pensjosnsordning for uduelige Islandske politikere.(NB vår represetant i Oslo de siste år)De er tvilrådige og upålitelige alle i hop.
Situasjonen her har fått et nytt begreb: Uaktsomt landsforæderi. Svar på innlegg · Nytt innleggSkriv din kommentar
Aftenbladet.no
- Et bilde på hvor mange av dagens pendlere mener NSB kan dra? spør Alf Andre Grannes, som tok bilde av den usedvanlig varme informasjonen.
Jæren:
Les mer
3
Aftenbladets journalist Rune Vandvik knipset Google-bilen da den kjørte på Misjonsveien 9. september i fjor. Og havnet selv på nettet.
Lokalt:
Les mer
på keeperplass
Åge Hareide om at Thomas Myhre blir ikke med til Spania.
Fotball:
Les mer
tradisjonelle treningsformer
De populære spikermattene kan ikke erstatte tradisjonelle behandlinger og treningsformer, mener eksperter.
Helse:
Les mer
2
Stavangerminner
De fem siste artiklene fra Rogalyd:
Siste Lokalt
-
Økt trafikk på Sola
I januar reiste litt over 2,7 millioner passasjerer til og fra Avinors lufthavner - en økning på 4,2 prosent sammenlignet med samme måned i fjor.
-
Sjalu eksmann dømt
En 34 år gammel mann er i Stavanger tingrett dømt til fem måneders ubetinget fengsel for å ha truet sin ekskone og for å ha brutt besøksforbudet han var ilagt.
-
Eier du denne kaninen?
Bunny er en hvit kaninunge med brune øyrer og svart øyne. Nå leter den etter eieren sin.
-
Nekter å vedta bot
for seksuelt overgrep
En taxieier (26) er av politiet ilagt et forelegg på 15.000 kroner for seksuelt overgrep av en kvinnelig passasjer (26).
-
Kjemper for språkfagene
Tirsdag ettermiddag var det kommet inn 2296 underskrifter på protestlistene mot å legge ned fremmedspråk ved Universitetet i Stavanger.
Siste saker
- 20:26 Mer trafikk på Sola
- 20:14 - La det rocke!
- 20:13 Sjalu eksmann dømt
- 19:25 Hete dager i NSB?
- 19:25 Bunny på ville veier
- 17:51 Glisne klasserom på folkehøgskolen
- 16:50 Drosjeeier nekter å vedta bot for seksuelt overgrep
- 16:43 Britiske kvinner misforstår om alder og graviditet
- 15:56 Kristoff sviktet i spurten
- 15:45 «Uhørt i en globalisert verden»
- 15:40 Haukås fristet av Sandnes Ulf
- 15:21 Knipset Google-bilen i aksjon
- 15:12 Frp-Solvik meldte seg ut av statskirken etter bispe-nei til Lofoten
- 14:41 Sender 600 ansatte til havs
- 14:13 Sigrun og Per Inge gift igjen
- 12:52 Finn huset ditt på Google Street View
- 12:20 Tilstanden fortsatt alvorlig etter kollisjon
- 11:47 - Store Goliat-kontrakter til Norge likevel
- 11:43 SUS finner ikke feil i ventelistene
-
11:26
- Må ha stabilitet
på keeperplass
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira















Veien? Den gikk rett i Breiavatnet
Orkanen som ingen ventet
Keiseren går under
Fjerten sitter i arresten
Konserten: Tønes
Ukens artikkel: Skanksters





