• Strand-ordfører Helge A. Steinsvåg har markert seg som motstandar av Ryfast.

Ap manglar Ryfast-støtte i kommunestyret

Strand Arbeiderparti gjekk i haust som kjent til val på at dei skal arbeida for å få til ei folkeavrøysting om Ryfast i Strand. Det løftet står framleis ved lag, men partiet fremma ikkje forslaget under kommunestyremøtet i Strand 14. desember, slik ein varsla at ein kanskje ville gjera.