Åtte til lege etter kollisjon

Åtte personar blei sendte til legevakta i Klepp med lettare skader etter ei bilulykke på Øksnavad ved 20.40-tida i går. Ulykka inntraff da ein Toyota minibuss på veg nordover kom over i feil kjørebane. Det var seks ungdommar i minibussen som kolliderte med ein Volkswagen personbil med to godt vaksne personar i. Personbilen blei kraftig smadra og landa på taket etter kollisjonen. Glasskår og blod i den relativt nye bilen kunne tyda på alvorlege personskader. Men ingen av dei involverte i ulykka kom alvorleg til skade: