• Bjarte Espeland Horpestad (frå venstre), Per A. Thorbjørnsen og teknisk ansvarleg ved Metropolis, Sebastian Waldejer har ei felles bekymring for framtida til ungdommane sitt hus på Nytorget. FOTO: Jonas Haarr Friestad

Bekymra over huset til ungdommane

Ingen veit enno kva som vil skje med Metropolis når Tinghuset blir flytta. Eit 14 år gamalt ungdomshus kan bli jamna med jorda, ein ny stad for ungdommane må på plass fort, meiner politikarane.