Bussanbod blir utsett

Alle bussruter på Nord-Jæren skal leggast ut på anbod, og med det fylgjer eit heilt nytt rutetilbod. Planen var at dette skulle setjast i gang 1. mai neste år, men fylkesutvalet vedtok i går å utsetja oppstarten med sju månader. Ruteomlegginga og anbodskøyringa vil dermed ikkje starta før 1. januar 2003.