• Ruth Mirjahm Haarr og sonen Kristoffer, som blir tre på laurdag, fekk flaumvatnet rett gjennom hus og hage. Ruth Mirjahm og ektemann Jonas løfta opp ting frå kjellargolvet då regnet starta natt til torsdag. men det hjelpte lite då storflaumen kom. FOTO: Anders Minge

Då storflaumen kom til Vigrestad

Brått var Vigrestad blitt krisesone. Røyra svelgde ikkje unna flaumvatnet. Vegane var blitt elvar, kjellarane basseng. Dette var dagen alle på Vigrestad vil hugsa. Heldigvis vart ingen skada.