Det gjekk bra

Guten (4) som blei funnen kraftig nedkjølt på Sand i Suldal i dag tidleg, blir ved 14.00-tida overført frå intensivavdelinga til ein ordinær sengepost ved barneavdelinga på Stavanger Universitetssjukehus (SUS). Han slepp frå episoden utan varige mén.