Drapsmannen framleis i skjul

Store politistyrkar har i heile natt leita etter irakeren som stakk ned og drap ein 40 år gamal landsmann på Sand i går kveld. Men Suldal byr på store skogar og mange gøymeplasser for ein som ynskjer å halda seg i skjul. Den 38 år gamle romkameraten til avdøde blei også kvesta i knivdramaet, men han er utanfor livsfare. Denne personen er også irakisk kurder.