Drapssak for retten

Den utsette rettssaka mot 55-åringen som er tiltalt for drapet på 35 år gamle Johnny Refsnes på Kvernaland i fjor haust kjem opp for Jæren heradsrett måndag 21. august. Retten har sett av tre dagar til saka, som skulle vore oppe for retten i mars men som blei utsett på grunn av sjukdom.