Dumperførar hadde alkohol i blodet

I desember 2010 omkom ein mann då dumparen han køyrde hamna i sjøen ved knuseverket Norsk Stein i Suldal. Etterforskinga etter ulukka er framleis ikkje ferdig nesten to år etterpå, men ein rapport frå Folkehelseinstituttet viser at mannen hadde alkohol i blodet, opplyser lensmann i Sauda, Randi Kalvik.