Einvegskøyring i sentrumsgate

Frå og med onsdag blir ei av dei mest trafikkerte sentrumsgatene i Sandnes einvegskøyrd. Dette gjeld Gjesdalveien frå St. Olavs gate til Langgata og derifrå Solaveien opp til Storgata. Det blir ulovleg å køyre nedover. Trafikken skal altså gå frå aust mot vest på denne vegstrekninga.