Eventyret i Stavanger

Det er noko magisk med skigåing. Snø og ski er lik eventyr. Det har noko med den glidande rørsla over materien å gjera når ein sparkar frå. Ein blir liksom løyst frå bakken, ein er i ferd med å letta, å sveva over landskapet. Og er det slik at ein har litt teknikk og litt styrke, og får til ein husk og ein vedhaldande musikk, kan det å gå på ski vera som ein fager draum av rørsle, rytme og flukt.