• Gang- og sykkelvegen på Ogna munnar ut rett ved bakketoppen. Ordførar Mons skrettingland og Henrik Stokkeland såg i september med mistru på den trafikkfarlege løysinga. No vert det planlagt å skyta vekk fjellnabben til høgre og byggja sykkelvegen vidare før den går under vegen og jernbanen til Ogna Camping. FOTO: Pål Christensen

Farleg sykkelveg skal gjerast trygg

Det starta med at gang og sykkelvegen som skulle gjera det trygt å ferdast på fv 44 langs golfbanen på Ogna, viste seg å vera trafikkfarleg. Den munna nemleg ut på fv 44 rett før ein bakketopp. Då tok kommunen tak.