Fint under baken i Haugesund

HAUGESUND: Ventetida for do-trengde folk i Haugesund, har vore både lang og vond. Men det høyrer fortida til. For onsdag denne veka vart to nye, offentlege toalett i Haugesund sentrum teken i bruk. Toalettbygningane, som er reklamefinansierte, er teikna av Snøhætta, arkitektfirmaet bak biblioteket i Alexandria og den planlagt operaen i Oslo.