Fiskefestival i Vikedal

For 23. gong arrangerer Vikedal Båtforening laurdag 20. juli fiskefestival med utgangspunkt frå båthamna i Vikedal. Saman med dans og underhaldning i telt, Vestlandsfanden på fredagskvelden og New Jordal Swingers laurdag, reiselivsdag og torgdag heile laurdagen, har dette vakse seg saman til Sommarfestivalen i Vikedal. I år er ein guida tur til Bjønndalen, sandvolleyballturnering og eit ope Vikedal Bygdemuseum nye postar på festivalprogrammet. Sommarfestivalen er dei siste åra blitt ei viktig inntektskjelde for laga som er med på arrangementet, og for både Vindafjord Reiselivslag, Vikedal Båtforening og Vikedal Bygdahus gir dette kjærkomne pengar i kassen. Fjorårets festival var ein suksess og gav eit overskot på rundt 250.000 kroner.