Fjordprosjekt nærmar seg avklaring

Ei arbeidsgruppe sett ned av Miljøverndepartementet vil truleg i løpet av nokre veker avgjera om steinlegging av Saudafjorden blir realisert eller ikkje. Planen går ut på å dekka til gammal forureining innerst i Saudafjorden med tunnelmasse frå Saudautbygginga som startar til våren neste år.