Fleire unge tar abort

Talet på abortar går opp blant unge mellom 15 og 19 år, viser ei undersøking frå Statistisk Sentralbyrå. På landsbasis vart det i fjor utført 20 svangerskapsavbrot per 1000 kvinner i denne aldersgruppa. Talet har ikkje vore høgare sidan 1990. Også i Rogaland har talet auka, men er noko lågare enn landssnittet. Dei siste tre åra har i gjennomsnitt 14,3 av 1000 kvinner mellom 15 og 19 år årleg fått utført abort i fylket.