For bratt og djupt i Hordaland

For store djup og tunge landskap er årsaka til at Hordaland fylkesting har utsett den ferjefrie kyststamvegen til neste generasjon. Ei snøggferje, Tysnes — Os, kan bli kvardagen også etter 2015. Ein to mil lang tunnel ned til 750 meter under Bjørnefjorden ser ut til å bli for dristig og urealistisk. Difor blir det ingen ferjefri kyststamveg, den beinaste vegen mellom Tysnes og Os i Hordaland.