For mange pukkverk

Rogaland har snart pukkverk på kvart eit nes. Verka står i fare for å konkurrera ein annan i hjel. Det kan difor bli tøft å få det nye pukkverket i Vindafjord til å lønna seg.Desse orda kjem frå senioringeniør Stein Erik Hansen i Bergvesenet. Hansen meiner at steinindustrien i heile landet snart har nådd eit metningspunkt.