• Skal dette bli jernbanestasjon? Ja, viss det går etter Hå-ordførar Mons Skrettingland (til høgre) sine visjonar. Torsdag fortalde han Jernbaneverket om tankane. Frå venstre varaordførar Sveinung Lode, regionalplan- og utviklingsdirektør Lars Christian Stendal, prosjektleiar Hanne Dybwik og ordførar Mons Skrettingland. FOTO: Fredrik Refvem

Hå-ordføraren vil ha togstopp her

Hit vil Hå flytta noverande Brusand stasjon. Dette skal bli ein nøkkel for utviklinga av Hå sin nye stasjonsby, Stokkalandsmarka.Torsdag var Jernbaneverket på besøk. Dei lytta, men gav ikkje svar.