Halverte fengsling for drapssikta

SANDNES: Gulating lagmannsrett halverte i går fengslingstida for den 23 år gamle mannen som er sikta for overlagt drap på ein 36-åring i Telemark frå åtte til fire veker. Måndag bestemte Sandnes forhøyrsrett at 23-åringen, som er busett i Flekkefjord, skulle varetektsfengslast for åtte veker. Men lagmannsretten fann ikkje grunnlag for meir enn fire vekers varetekt.