Hamna på gata i morgonkåpe midt på bryllaupsnatta

Signe Haaland og Bjarne Langeland fekk ei bryllaupsnatt dei seint vil gløyma. Dei var mellom dei 358 gjestene på hotell Atlantic som måtte ut på gata når brannalarmen gjekk av klokka 04:57 natt til søndag.