• Under støtteaksjonen for Israel kom tre menn med tydelege skilt om at Israel har drepe lenge før Hamas kom. FOTO: Anders Minge

Heit debatt om Israel-støtte

–No er det på tide å visa at nokon støtter den andre sida, meiner Mats Danielsen i Rogaland FpU. Men støtteaksjonen fekk ikkje vere åleine lenge. Palestina-tilhengarar møtte opp med flagg og skilt om å boikotte Israel.