• Her på Ogna og i 280 andre kyrkjer i landet vart det gjennomført historiske val for 200 år sidan. Roald Byberg, Guttorm Nygård og Lisabet Risa summerer opp kva dei veit om det som skjedde. FOTO: Jan Inge Haga

Her la dei grunnlaget for grunnlova

Losoldermann Thore Dahl frå Sirevåg set seg på hesten og rir nordover mot byen og domkyrkja. Med seg har han fullmaktsbrevet frå Ogna sokn som har valt han til utsending. Det er onsdag 23. mars 1814.