• Aldri kjekt å mista førarkortet. Vidar Veggeland og Esther Moe svima av frå førarkorta sine. For Moe blei det ein meir omstendeleg prosess å få lappen tilbake, enn for Veggeland, sjølv om begge nokså raskt blei erklært heilt friske. Men no har begge dei to suldølane endeleg lov å kjøra bil igjen. FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Ikkje svim av frå førarkortet ditt

Begge mista førarkortet fordi dei svima av. Vidar Veggeland fekk lappen tilbake etter vel to månadar. Esther Moe måtte venta eit heilt år.