• Prosjektleiar Agnes Lea Tvedt har planen klar for korleis Sandnes, Klepp, Time og Gjesdal kan laga interkommunale akuttsenger for kronisk sjuke pasientar. FOTO: Odd Pihlstrøm

Klepp kan få minisjukehus

Sandnes kan bli med på samarbeidet om interkommunale sjukehussenger for strakshjelp. Går forslaget igjennom, kan innbyggjarane i Klepp, Time, Gjesdal og Sandnes få sitt minisjukehus i Klepp.