Kommunale tenester opp fire prosent

Pris for kommunale tenester i Hå skal auka med rundt fire prosent neste år dersom rådmannen sitt forslag til økonomiplan går igjennom. Dermed vil høgaste sats for fulltids barnehage vera 3236 kroner månaden for første barn. Prisen gjeld når foreldre har inntekt over 359.521 kroner.