• KrF-politikar Inge Takle Mæstad går nå med ei sterk oppmoding til Høgre i Stavanger om å gå saman med KrF mot regjeringa sitt framlegg om sundagsopne butikkar. Han er nummer to på lista til KrF i Stavanger ved valet til hausten. FOTO: Jon Ingemundsen

KrF ber Høgre i Stavanger gå mot sundagsopne butikkar

Stavanger KrF går nå ut og oppmodar Høgre og Venstre lokalt til å gå mot sundagsopne butikkar. Vil dei ikkje det, kjem KrF sin misnøye med samarbeidet med regjeringspartia til å spreia seg til samarbeidet lokalt, åtvarar Inge Takle Mæstad.