• Eigedommen på Foldøy er påkosta. No krev Suldal kommune at anneks, badehus og basseng må fjernast, sidan desse er bygde ulovleg. (Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand)

Krev at stavangermann riv basseng, badehus og anneks

Forretningsmannen frå Stavanger har dei siste åra reist ei rekke ulovlege bygningar på eigedommen sin på Foldøy. Bygdeutviklingssjef i Suldal, Endre Gjil, kan ikkje minnast at ein før har handsama ei like omfattande sak.