Lønnskonflikt kan lamma brannkorpset i Suldal

Dei 85 brannmennene i Suldal meiner dei får for lite betalt for å bera personsøkarar. Søkarane blir no leverte inn. Dermed er varslingssystemet ved brann og andre ulukker, alvorleg svekka.