Manglar halvannan million

Jærmuseet manglar vel halvannan million til andre byggjesteg. No har styret bede om å få snakka med Hå kommune om korleis pengar til siste rest av nybygget skal løysast. Rådmannen er positiv, og meiner det finst fleire måtar dette kan ordnast på.