• Som nyvalt leiar vil Vebjørn Sture (24) jobba for å styrkja organisasjonen Norsk Målungdom. FOTO: Odin H. Omdal

Ny leiar i Norsk Målungdom

Vebjørn Sture (24) frå Stavanger er ny leiar i Norsk Målungdom. Sture blei vald utan avstemming på organisasjonen sitt landsmøte på Voss på sundag. Han framhevar norskfaget og organisasjonsvekst som sine viktigaste hjartesaker for året som kjem.