• Sandsfjordbrua vil kryssa fjorden rett bak der kor prosjektleiar Knut Utaaker (til venstre) og byggeleiar Helge Bakka står. Arbeidet med å byggja tilførselsveg og tunnelar til brua på begge sider av fjorden, har gått føre seg sidan mai i år. FOTO: Jon Ingemundsen

Ny veg over fjorden om tre år

Hausten 2015 er ferjeturane mellom Sand og Ropeid historie. Då suser bilane på bru over Sandsfjorden, 70 meter oppe i lufta, på ein stad der det i dag berre er knausar og kratt.